Tryggare veg til barnehagen

Tidlegare var parkeringsområdet til Gjerdane barnehage uoversiktleg og uorganisert ved bringe og hentesituasjonar. Dette er no utbetra av Åsen og Øvrelid, i samband med innkøyringa til Hogatunet, og ein har fått eit mykje betre tilrettelagt parkeringsområde. Foreldre som kjem med barna på sykkel har fått ein eigen gangveg opp til barnehagen som går utom parkeringsplassen.

– Vi har også fått ein tryggare innpå-køyring til Fossevegen, som jo var føremålet med denne ombygginga. Men eg vil også rose Åsen og Øvrelid som har arbeidd her og teke omsyn til oss i barnehagen. Dei har stengt av motorane, flytta seg, stoppa trafikken når vi har gått på tur, dei har sete tryggleiken i høgsetet, og det har vi sett stor pris på seier styrar i Gjerdane Tove Starheimsvik.

Liten opningsfest

Starheimsvik ser føre seg at det kanskje blir ein liten opningsfest på parkeringsplassen når alt er ferdig.

– Ja, dette har vi venta så lenge på, så eg trur vi må feire det litt.

Ved sida av parkeringsplassen og sykkelvegen, får barnehagen eit utvida leikeområde.

– Det blir eit litt større område, der vi håpar å få sett opp eit vippestativ og ei ny leikehytte, det er i alle fall ønsket. Vi har lyst til å fornye uteområdet, og det er forskjellig å ta tak i, og noko vi jobbar med, fortel ho.

IKKJE FERDIG: Det står framleis att litt arbeid før alt er heilt på plass. Barna gler seg til å få nytt leikeområde til høgre i bildet. Midt i ser vi den nye sykkel og gangvegen til barnehagen. Foto: Anita Ingebrigtsen