Mange stader så mykje som 80prosent. reduksjon dei siste 15–20 åra. Norsk Ornitologisk Forening, fylkesavdeling Sogn og Fjordane ønskjer difor å undersøka situasjonen i vårt fylke.

Treng tips

– Vi ønskjer å få eit tal på hekkande fuglar, og finne kjerneområde for vipe i fylket. Vi er takksame for tips frå dei som finn hekkande fuglar. Det er fuglar som viser klare teikn på å hekke, som varslande åtferd, egg og ungar vi er interesserte i tips om, seier Torbjørn Hasund i Norsk Ornitologisk Foreining, Sogn og Fjordane fylkeslag.

– Den som sender inn tipset bør opplyse om det er varslande åtferd, egg / reir eller ungar dei har observert. Vidare ynskjer vi namnet på den som sender tipset, kommunenamn, og namnet på staden der vipa hekkar. Gjerne og namnet til grunneigaren. Folk kan gjerne skrive inn informasjonen som ei melding på vår Facebook-side. For dei som er brukarar på www.artsobservasjoner.no kan dei leggje observasjonen direkte inn der. Der vil vi opprette eit eige prosjekt på vipe i Sogn og Fjordane.

Det er også aktuelt å gjere grundigare undersøkingar av hekkesuksess på utvalde stader i fylket der vi veit det framleis er gode tal på hekkingar. Røynde fugleobservatørar vil oppsøkje moglege hekkeområde for å registrere hekkande viper. Så langt som mogeleg vil ein bruke kikkert og teleskop frå veg for å finna fuglane. Det kan vera aktuelt å be grunneigaren om lov til å gå ut på markene i terreng der ein ikkje har fri sikt frå veg.

Enkle tiltak

– Merk reiret med ein tynn pinne slik at ein ikkje uforvarande køyrer over reiret når ein arbeider med jorda. Pinnen bør vere så tynn at den ikkje er eigna sitjestad for skjor og kråke.

– Reir kan flyttast nokre få meter ved å ta ei spade under heile reiret når ein skal pløya, ved gylling med slange eller liknande. Legg det helst tilbake etterpå.

– Dekk reiret med ei bøtte eller plast for ei kort stund når ein skal spreia møk.

– Når ein skal slå graset vil det beste vere å ta til i midten og arbeide seg utover, slik at ungane får rømme unna. Spar helst litt gras i kantane der ungane kan gøyma seg.

UNGE: – Vi veit at mange grunneigarar ynskjer å ta vare på desse vakre fuglane, og her er tips til enkle tiltak som kan redde dei, seier Hasund. Foto: Anders Braanaas