– Vi reknar med å kunne starte utprøving og opplæring på seawalken allereie i morgon, onsdag 24 mai, seier Jostein Mykland, prosjektleiar i Seawalk Nordfjord AS, til Fjordabladet.

Fortøyingsbøyer

–Kva er det jobben som no har blitt gjort går ut på?

–Det som no har blitt gjort er at det har blitt lagt ut to fortøyingsbøyer som cruiseskipa som kjem til Nordfjordeid skal fortøyast i. For at fortøyingsbøyene skal vere forsvarleg sikra, blir kvar bøye festa til fjordbotnen med to store anker. Kvart anker er på 15 tonn. Nedre del av ankeret er som ein plog. Når ankera er lagt på botnen blir dei trekt framover av supplyskipa. Ankera grev seg godt ned i botnen av fjorden slik at dei får skikkeleg feste til botnen. Mellom fortøyingsbøyene er det 380 meter. Det betyr at vi kan ta inn cruiseskip på opp mot 300 meter. For å fortøye store cruiseskip vil det vere fortøyingsbåtar både på bøya som er lengst ute på fjorden, og på bøya som er nærare land, seier Jostein Mykland.

Seawalken

–Funksjonen til bøyene som har blitt lagt ut, er eine og åleine fortøyingsbøyer for cruisebåtane, og har ingen funksjon knytt til sjølve seawalken. Den blir kopla til festet som vi har støypt i tilknyting til sjølve kaianlegget. Her er det støypt eit fundament på femti kubikkmeter, eller 150 tonn betong. I tillegg er kaia forsterka med eit fundament på 45 kubikkmeter betong, seier Mykland som legg til at samanfalda vil seawalken ligge rett vest mot moloen som skjermar småbåthamna.

Første cruiseskip

–Det har tidlegare blitt antyda at første cruiseskip kunne legg til på Nordfjordeid den 7. juni. Er det framleis aktuelt?

– Nei det er nok for tidleg. Vi skal som eg har sagt, gjennom ei grundig utprøving og opplæring, slik at vi er trygge på at alt fungerer slik det skal. Kor tid det første cruiseskipet vil bli fortøyd på Nordfjordeid kan vi ikkje seie med sikkerheit i dag, men i slutten av juni eller byrjinga av juli er kanskje ei moglegheit, seier Jostein Mykland som legg til at det viktigaste no er at dei som skal jobbe på seawalken er trygge på at alt fungerer som det skal.

Eigarforhold

Den flytande cruisekaia, som er ledda i tre delar, og er 234 meter lang. Seawlkwen vart sett opp i Skjolden i Luster kommune i 2012. For å realisere prosjektet gjekk Eid kommune inn med 3. 2 millionar kroner i selskapet Seawalk Nordfjord AS. I dag eig Eid kommune 24 prosent av aksjane i selskapet, Lefdal Invest AS 42,5 prosent og Cruise Ventures AS 33,5 prosent.

15 tonn: Kvart av ankera som blir lagt ut saman med fortøyingsbøyene er på 15 tonn. Det blir lagt ut to anker på kvar av dei to bøyene. Foto: Tormod Flatebø
Bånn pinne: For at dei store ankera skal grave seg ned i fjordbotnen og få skikkeleg feste blir det gitt bånn gass på supplyskipet. Foto: Dronefoto
Innfesting: I dette fundamentet skal seawalken festast. I samanfalda stilling vil den strekkje seg rett vestover mot moloen i båthamna. Foto: Tormod Flatebø