Ådne Reidar fortalde om ei russetid med mange opplevingar under russetalen på Plassen. Heile russetalen kan du lese her. (Foto: Tormod Flatebø)

Ådne Reidar fortalde om ei russetid med mange opplevingar under russetalen på Plassen. Heile russetalen kan du lese her. Foto: Tormod Flatebø

Vil sakne russen og skuletida på Eid

Russepresident Ådne Reidar Nes Kleppe heldt russetalen på Plassen. Han beskriv ei fantastisk russetid og kjenner allereie no at det kan bli vemodig å reise vekk frå klassekameratane.

Kjære eidarar, kjære russ.

I dag er ein spesiell dag, ikkje berre for oss som er russ, men  for alle nordmenn.

I dag feirar vi Grunnlova vår. Det største og viktigaste lovdokumentet i Noreg. Den stadfester ytringsfridomen vår, religionsfridomen vår og mange andre grunnleggjande rettar for oss som norske statsborgarar. Ting som vi nok tek som sjølvsagt.

Men vi kan tenkje oss heilt attende til antikken, til revolusjonen i Frankrike og den amerikanske revolusjon . Undertrykking og dårlege tider førte til at folket ville ha endringar, og det fekk dei. Men ikkje utan blod, sveitte og tårer. Takk til alle som kjempa for oss, og gav oss rettar som ikkje er sjølvsagde i alle land, sjølv i 2017. Kan hende særleg til Gerhardsen og hans kompani som skapte grunnlaget for velferdsstaten Noreg etter andre verdskrigen.


Eg vil, på vegne av russen, seie meg særs takksam for at vi bur i eit så trygt og flott land som Noreg, Der vi kan ferdast så og seie der vi vil takka vere allemansretten, der vi har noko av det reinaste drikkevatnet i verda, og der vi har politikarar som jobbar hardt kvar dag for å oppretthalde alt dette.

Desse rettane har vore særs nyttige no i russetida. Ein liten svipptur ut i skogen på nattestid, enten for å tre av på naturens vegne, eller for å sløkke tørsten……heilt perfekt.


Gro Harlem Brundtland sa ein gong: ”det er typisk norsk å vere god”. Dette stemmer sjølvsagt svært godt for årets russekull, vi er ekstremt gode og flinke til det meste. Ikkje sant????  Typisk norsk, og typisk eidaruss!!!

 Men, frå spøk til revolver, vi må ikkje berre seie slikt til å oss sjølve og så ikkje gjere noko for å halde oppe ei slik utsegn. Vi må vere god til mange ting, ikkje minst må vi vere flinke til å ta i mot våre nye landsmenn, og integrere dei slik at dei blir ein del av lokalsamfunna våre. Vi må seie hei til våre nye naboar og vi må invitere dei over hekken på kaffi!  Vi må hjelpe flyktningar og andre i vårt eige land, som treng ei utstrakt hand. Ikkje minst må vi vere gode og snille mot kvarandre.

Noko av det mest typisk norske eg kjem på er dugnad. Ein real dugnad der folk går saman for å gjere eit arbeid til eit felles gode. Det kan vere små og store dugnadar, og ein dugnad ein bør ta del i kvar dag, er å vere eit godt medmenneske. Ein god medelev. Ein god nabo. Ein god husbond, kone, kjærast, bror, søster, mor og far og ikkje minst ein god ven. Dette kan ein også kjenne att i  orda frå den franske revolusjonen, likheit, brorskap og fridom. Alle er like for lova, men vi må hjelpe kvarande og stå opp for kvarandre i gode og dårlige tider .Vi må halde vakt over fridomen vår og vi må stå opp for  verdiane våre og demokratiet vårt.


Men no må eg snakke litt om dei fantastiske, vakre og bort imot perfekte ungdomane som sit her i dag. Dei er siste russedagen. Siste dag med den raude dressen. Som etterkvart står av seg sjølv, og som vi snart ikkje får ta med i hus. 

Vi har gjort svært mykje artig i russetida vår. Mange russeknutar har blitt gjort, som mellom anna ring-på-spring med Alfred Bjørlo, bade utandørs før 1.mai, frukost i rundkøyringa, sitte ein heil skuletime berre iført undertøy, kjøpe kondom berre med kroppsspråk og fartskontroll med hårfønar og vest. Ved eit tilfelle stoppa ei dame i ”fartskontrollen” vår og sa:  ”Hæ? Samarbeidar UP med russen?” og trudde heilt og fullt at det var ein vaskeekte kontroll. Ja, kanskje det er ein god idé? Ikkje veit eg.


Vi har hatt ulike aktivitetar, mellom anna med eit russetog for å markere starten på russetida, Vi marsjerte gjennom Eidsgata og slutta av her i Malakoff med ein skikkeleg russedåp. Her delte vi ut russenamn, og avslutta med at ein måtte drikke ei øl eller cider på 30 sekund; om ein ikkje greidde det  vart det tømt i håret.  Dei seier at øl gjev vakkert hår, så dette er eit tips til dei som ikkje er fornøgd med 17-mai sveisen.

Det største arrangementet vi hadde var natt til 1.mai. Godt samarbeid med politiet, frivilligsentralen, Eid kommune og ikkje minst Arnt Ivar Naustdal og Malakoff Rockfestival gjorde at vi fekk ein fest og ein konsert utan sidestykke, med over 400 besøkande. Vi hadde også ein fantastisk russerevy som vi kosa oss glugg hel med å setje opp og med å få framføre for slekt og vener og andre eidarar.

No vil eg takke det heilt fantastiske russestyret som eg har fått vore ein del av og som har gjort det mogleg å få til ei slik fantastisk russetid. For ikkje å snakke om alle dei andre ubeskrivelige og flotte russane ved Eid VGS. Eg trur vi må vere dei beste ever. Trur ikkje vi har plaga så veldig mange, bortsett frå Alfred då……som har hatt 99 ring på spring opplevingar dei siste vekene. Unnskyld Magni……

Saman har vi klart å få til ei utruleg fin tid med mange artige hendingar. Ei tid som russen aldri vil gløyme og sjå tilbake på som ”prime time”, eller på nynorsk-Trumpsk, som særdeles awesome and fantastic .


Russen har i år valt å donere 35 000 kr til eit fond som heiter ”Against Malaria Foundation”. Dette gjer vi sidan organisasjonen mot malaria har blitt rangert som den organisasjonen der det meste av pengane går direkte til saka dei arbeider for. Malaria er den sjukdommen som mellom anna drep flest gravide kvinner og om lag 400 millionar vert sjuke kvart år, omtrent ein halv million døyr, og 70% av desse er born. Vi vil òg gje 15 000 kr til Frivilligsentralen. Dei gjer også ein fantastisk innsats i bygda vår, ikkje minst med å passe på oss i russetida.


13 års skulegong er no omme og det er på tide med nye utfordringar. No vert vi spreidd for alle kantar, og det er så trist at vi ikkje orkar å tenkje på det i dag.

Men rett ryggen karar og kvender. Det vi har til felles er at vi alle har gått på Eid VGS ; vi er alle meir eller mindre eidarar.

Med denne gode ballasten vil vi gjere våre ulike val. Nokre kjem til å reise verda rundt på backpacking, nokre vil studere nanoteknologi på NTNU, andre vil studere økonomi i Bergen, medan andre kanskje tek seg eit år for å arbeide og spare pengar.

Eg gler meg til 10-årsjubiileet då vi vil sjå kva vi har enda opp som! Her kan det nok bli nokre overraskingar!

Men, kjære medruss. Vi må ikkje gløyme at bygda vår framleis vil vere her sjølv om vi no reiser ut i verda.  Det vil vere plenty av arbeidsplassar for oss her i framtida òg.

Mellom anna kan ein bli cruise-sjef på den nye cruiseskip-hamna, ”Vikingguide på Sagastad-museet, Datalagringsjef i Lefdal Mine og  St. Sunniva modell i den nye Eid-Selje kommuna. Til og med trafikklyssjef for skipstunellen ved Stad! For ikkje å snakke om når vi om nokre år skal arrangere internasjonal Eurovision, eller Grand Prix, her på Eid! Tenk dokke ein av russen som programleiar der, eller bak kamera! Fy søren, det blir fantastisk. Awsome!!!!

 Og sist men ikkje minst er det uendelege moglegheiter for å bli frisør på eid, om eg ikkje tek heilt feil er det i alle fall 10 frisørsalongar på Eid… Som sagt, her er utallige mogelegheiter. Så ikkje ver uroa foreldre, vi kjem nok tilbake!


No trudde vel de lærarar at eg hadde gløymt dokke. Eg har berre spart det beste til slutt..

Vi er utruleg takknemlege for dei svært gode lærarane vi har vore så heldige å ha på Eid vidaregåande skule. De har løfta oss opp gjennom tunge tider og fått mykje vetig og anna mindre vetig inn hovuda våre. Eg vil kanskje dra den så langt som å seie at de på mange måtar har vore med på å gjere oss til mykje av det vi er i dag. Eg vil seie at resultatet er slettes ikkje verst. For årets russ er heilt utan sidestykke og dei finaste folka eg veit om. Som nokre brukar å seie; ein har det berre så morosamt som det ein gjer det til sjølv. Så lat oss halde fram med å ha det kjekt ilag, verne om våre verdiar og vere gode medmenneske.


Ikkje minst håpar eg at neste års russekull vil ha det like fint som oss, for vi har sanneleg hatt ei heidundrandes fin russetid. Så håper vi eksamenstida blir bra, for no er vi snart klare! Vi må berre kvile litt, først, er det greitt Ove?


Eg vil avslutte med å ønske alle russ lukke til med framtida og ønske alle, russ eller ei, ein storarta sumar!


Kjære eidarar, kjære russ; gratulerer med dagen!



Russepresident 2017, Ådne Reidar Nes Kleppe