Vegstenging grunna vedlikehaldsarbeid

 

Statens vegvesen melder at fylkesveg 698, på strekninga Tvinnereim – Nos vert stengt for tyngre kjøretøy over 7,5 tonn, på grunn av vedlikehaldsarbeid og utbetring av utrasa vegskråning.

Dette gjeld for tidsrommet 22.05.17 til 09.06.17.

Mindre køyretøy kan passere, men ein må rekne med noko ventetid.

Arbeidet sperrar passasjen for tungtrafikk langs nordsida av Nordfjorden aust for Lote. Omkøyring er muleg langs Hornindalsvatnet, via E39 og Rv. 15.