– Auken er utruleg gledeleg!, jublar Eid-ordførar Alfred Bjørlo. Han konstaterer at Eid har hatt folketalsvekst i  14 av dei 15 siste kvartala, og har så langt i 2017 raskare vekst enn landet samla. Det vart 19 fleire eidarar enn ved nyåret, og 58 fleire enn på same tid i fjor. Det syner ferske tal frå Statistisk sentralbyrå.

– Folketalsveksten i Eid er svært gledeleg, og særs viktig for tenestene til innbyggjarane våre. Det er også flott å sjå at Nordfjord og Sogn og Fjordane har ein samla vekst – inkludert ein fin vekst i Selje som vi snart skal slå oss saman med, seier han.

Nedgang i Vågsøy og Bremanger

Vågsøy og Bremanger har derimot sterk tilbakegang. I Vågsøy vart dei 16 færre innbyggjarar sidan nyttår, medan Bremanger mista 22 innbyggjarar. Selje fekk fire fleire, medan Hornindal auka med to, Gloppen med 21 og Stryn med 6 fleire innbyggjarar sidan nyttår.

Eid-ordføraren trur veksten i Eid gjenspeglar den sterke positive utviklinga i næringslivet i regionen.

– Med det skiftet frå olje-alderen til fornybar-alderen som no er på gang, ligg alt til rette for ei lys framtid for vår region, meiner Bjørlo.

– For Eid sin del har vi arbeidd svært målmedvite over lang tid for å bli ei meir attraktiv kommune å flytte til. Vi har mellom anna arbeidd systematisk med sentrumsutvikling til glede for både fastbuande, tilflyttarar og tilreisande. Med planlagde nye store næringssatsingar og pågåande utbygging av bustadfelt og fleire nye leilegheitsprosjekt i kommunen ligg alt til rette for vidare vekst  åra framover, seier Bjørlo.