Statens vegvesen er no godt i gang med arbeidet med gangvegbrua på Nor. Her skal det mellom anna lagast eit brukar midt i elva.

Hornindalsvatnet og Eidselva er eit verna lakseførande vassdrag, og det har vore gjennomført ei rekkje undersøkingar, mellom anna kartlegging av gyteområda. UNI Research miljø, som driv med miljøundersøkingar har vore innleigd. Dei har dykka ned på elvebotnen for å kartlegge forholda.

Prosjektleiar Oddvar Andreas Skrede og byggeleiar i Statens vegvesen, Øystein Heimsæter understrekar at arbeidet med gangbrua vil bli gjennomført i tråd med føringane frå Fylkesmannen, NVE og UNI Research miljø.

Skal støype fundament

Det Aurvoll og Furesund AS som er hovudentreprenør på Hjelle Nor bru, og deira underentreprenør Christie Oppsal frå Molde/Åndalsnes var nyleg i sving med å forskale for støyping av fundamentet til gangbrua på nordsida av elva. Det er laga til ein voll rundt, slik at ein kan jobbe tørt. Christie var med på å bygge ein del bruer i samband med realisering av Atlanterhavsveien, og entreprenøren er ikkje heilt ukjend med arbeid nær vatn.

Anleggsveg i elva

På sørsida vil brufundamentet bli plassert på land. I tillegg skal det vere eitt midt i elva. For å få gjort dette arbeidet, vil det bli laga ein mellombels anleggsveg frå elvekanten og ut. Her vil det så bli sett ned ein spunt på 5 x 5 meter, slik at ein også her kan jobbe tilnærma tørt med forskaling av fundamentet som skal vere på 2x2 meter. I fundamentet i midtkaret blir det plassert eit stålrøyr som er 70 cm i diameter. Brua blir om lag 40 meter lang. Den skal støypast på plassen, og det skal setjast opp såkalla gitterforskaling. Anleggsvegen skal fjernast når arbeidet er ferdig.

– Det er ikkje til å unngå at elva vil bli litt påverka medan arbeidet går føre seg. Vi skal prøve å gjere ting så forsiktig som råd med minst mogeleg påverknad, men litt ulemper vil det bli. I samband med graving kan elva bli litt grå, seier byggeleiar Øystein Heimsæter. Han forklarer at dei ikkje har lov til å bruke sprengingsmasse i elva, men må bruke naturleg masse som allereie er bearbeidd av vatn i tidlegare tider.

Nøyaktig

Geoingeniør Kjell Helde i Aurvoll og Furesund jobbar med innmåling og masseutrekningar. Han tek utgangspunkt i fastpunkt sett av kartverket, og kontrollerer oppimot det.

– Brua er innmålt nøyaktig på millimeteren, fortel han.

Helde karakteriserer prosjektet Hjelle–Nor bru som heilt greitt. Det er eit koseleg anlegg å vere på. Her er ikkje så mykje fjell og massen er rein og fin. Det har gått veldig radig med masseutskifting av hovudvegen. Helde fortel at dei til tider har hatt seks bilar ut og seks bilar inn. På det meste har dei vore oppe i 1800m3 med utkøyrt masse på ein dag og 8–900 m³ masse inn på ein dag. Med 10–12 bilar går det bra unna.

Ein har hatt litt utfordringar med trafikkavviklinga og VA-delen, mellom anna gamle rør som ikkje har vore avmerka rett på gamle kart frå kommunen.

– Det har vore dårleg bakgrunnsmateriale, og vi har slite litt med å finne ting, seier Helde, som elles er bra fornøgd.

UTFORDRANDE TRAFIKKMESSIG: Anleggsleiar i Aurvoll og Furesund Ole Jonny Konningen (t.h.) har 10–12 mann i arbeid på prosjektet. Han fortel at det stort sett har gått greitt. Den største utfordringa er trafikk som skal gå heile tida. Geoingeniør Kjell Helde (t.v.). Foto: Anna Wuttudal
SKIFTAR MASSE: Kontrollingeniør Pål Anders Rindal fortel at det vert skifta masse 1,2 meter under eksisterande veg forbi Mogrenda. Det er laga samlevegar og mange påkøyringshinder er fjerna. Foto: Anna Wuttudal
I GANG MED BRUA: Byggeleiar Øystein Heimsæter konfererer med Adam Dawidowicz som held på med forskalinga til det første brufundamentet. Foto: Anna Wuttudal