(Foto: Illustrasjon)

Foto: Illustrasjon

Fleire bøtelagde i Eid og Vågsøy

Statens vegvesen heldt kontroll på Nordfjordeid og i Vågsøy i dag.

Kontrollen vart halden i Vågsøy frå klokka ni i dag tidleg til klokka halv to i ettermiddag. Deretter heldt vegvesentet kontroll på Nordfjordeid frå klokka to til tre fredag.

Til saman vart 436 køyretøy kontrollerte. Det vart gjeve eitt gebyr på 500 kroner for manglande vognkort, og to gebyr à 1.500 kroner for manglande bruk av bilbelte.

I tillegg fekk to bilførarar køyreforbod på grunn av overlast på tilhengarane. Den eine hadde 300 kilo overlast, og den andre hadde 500 kilo overlast. Begge måtte laste av til lovleg vekt før dei fekk køyre vidare.