Dei to jentene er begge 13 år og går i 7. klasse på Nordfjordeid skule. I talen kjem dei med idéar til kva kongeparet kunne få sjå og vere med på om dei tok turen til Eid kommune.

Og slik er heile talen:

Gratulerer med dagen!

I dag feirar vi at vi har eit fritt og demokratisk land. Det er ikkje alle som er så heldige at dei kan leve trygt utan farar ikring seg, og som kan seie og meine det dei vil. Det kjem mange flyktningar til Noreg og Eid, og vi kan alle gjere ein jobb for at dei skal få eit godt liv her.

I desse dagar feirar vi også at kongeparet vårt er 80 år i år. Men kongen sjølv seier så humoristisk: «  Men eg føler meg ofte ikkje så gammal som talet tilseier!

Kongehuset har betydd mykje for oss. I år har dei regjert i 26 år, og i dei åra har dei hatt eit ope og godt hjarte for alle i Noreg.

Kongehuset sitt motto har vore «Alt for Norge» sidan 1905, og er det fortsatt. Dei er veldig interesserte i det som skjer i landet vårt.

Dei reiser rundt i landet og møte ulike menneske og kulturar. Og det trenger ikkje vere store hendingar for at dei vil komme og opne eller hjelpe til. Han reiser like gjerne til ein femtedivisjonskamp på grusbane på Stord, skiskyting i Hammerfest, handicapidrettsstemne på Gol som VM i langrenn i utlandet.

Begge to er jammen meg sporty! Med dronning Sonja som fjelldronning og Kong Harald som alltid er der for landet sitt  uansett sportsgrein. Han seier sjølv at han er glad for at jobben hans er slik at han kan reise rundt å sjå mange sportshendingar. Han er kjent som seglar. Han har til og med vert med i OL i segling! .

Kvart år held kongen tale på nyttårsaftan. I kongen sin tale 31.desember 2016 snakka han om at det er viktig å tenke at vi er gode nok som vi er:

«Vi må stå på ilag, ha tru på kvarandre og ha gode draumar for kvarandre. Men det viktigaste er at nokon bryr seg om oss, treng at det er bruk for oss,  at vi blir sett og anerkjent som vi er. At nokon har tid til å lytte og vere tilstade, er viktig for alle og ein kvar. Vi treng å vite at vi er til for nokon. Vi, menneska på jorda, er mykje verd, og vi må bekjempe vondt med godt,» var noko han la mykje vekt på og sa i talen.

Det er ei stund sidan det har vore kongelege på Eid, og det hadde vore veldig kjekt om dei ville komme og sjå noko av alt det vi får til her.

Visst dei vil ta seg ein tur, er det berre å kjøre over eit fjell, gjennom ein tunnel, over ei bru, for der bur vi! Håpar du veit kor heldig du er, du kjem til Vestlandet.

Her kan dei ta seg ein tur på Operahuset og sjå haustens «Sildegapet» og få med seg historia om sildefisket på 50-talet.

Kultur på Eid er ikkje berre opera, men vi har også  gode tilbod innan song, dans, ulike musikksjangerar og kunst.

Malakoff Rockfestival er eit årleg høgdepunkt. Festivalen er godt kjent over heile landet, og veks i storleik kvart år. Om dei vil vere med her, må dei vere tidleg ute å få seg billett!!!

Dei kan fare til Harpefossen, der dronninga kan gå fine fjellturar eller ta seg ein skitur i løypene der på vinteren.

Om barnebarna er med, kan vi anbefale kommunen sitt eige sirkus, Sirkus Agora, som har starta oppatt.

Om dei kjem i mai, må dei få med seg hesteutstillinga, som viser fram eit aktivt fjordhestmiljø.

Eid er også framtidsretta og satsar på nye prosjekt.

Det er mykje spennande som skjer. Vi har nettopp opna eit stort datalagringssenter i Lefdal gruver. Ned på kaia er arbeidet godt i gang med førebuingane til ein Sea Walk, som skal ta imot store cruiseskip og mange turistar. Sagastad vil bli eit senter som skal  vise vikinghistoria til Eid.

Som de høyrer er det mykje kongen kan velje å sjå om han kjem til Eid.

Vi har høyrt at eldre folk av og til ikkje får sove så godt om natta, så om han har ei slik vakenatt, kan han jo kanskje fundere litt på kva han vil velje….

Til slutt vil vi gratulere kongen og dronninga med 80-årsdagane, og ønskjer dei lykke til med det gode arbeidet sitt for landet vårt.

Ønskjer dokke alle her ei fortsatt fin feiring av 17. mai og enda ein gong:

GRATULERER MED DAGEN!