Eid og Selje skal slå seg saman og bli éin ny kommune frå 1. januar 2020. Det har vore utlyst namnekonkurranse, og forslaga har strøyma inn.

Namnet på den nye kommunen skal vedtakast i eit felles kommunestyremøte 22. juni 2017, men før den tid skal ei namnenemnd i sving. Gerd Fløde Bjørlo opplyser at namnenemnda skal ha møte 24. mai. Det er også planlagt telefonundersøking og ei undersøking via avisene etter møtet i namnenemnda.

Her er lista med namneforslag for den nye kommunen:

Nordkyst

Stadt

Stad

Myklagård

Fjordland

Vestkapp

Dragseid

Seid

Seljeid

Sunniva

Eid

Vestfjord

Maurstad

Bryggja

Fjordane

Nordre Fjordane

Selje

Selja

Eidsel

Nordfjord

Saga

Eidstadt

Stadteid

Stadt herad

Fjord

Fjordingen

Vikingfjord

Havfjord

St. Sunniva

Kystfjord

Holmøy

Stadfjord

Stadtfjord

Mannseid (et)

Eid-Selje

Fjorden

Ytre Nordfjord

Sagafjord

Fjordstad(t)

Sagastad

Seljeeid

Seljeid

SeljeEid

Selje og Eid

Kyst

Vestfjord

Nordsida

Nordre Nordfjord

Leikong

Sol

Storm

Idyll

Natur

Stadt kommune

Stadt og Dragseid er to av namna som er spelt inn av fleire.

Torild Natvik meiner det er fornuftig å bruke eit namn som folk i heile landet har eit forhold til.

– Når eg skal forklare kvar eg bur, seier eg at det er rett aust for Stadt. Då nikkar folk attkjennande og får eit bilete på kor i landet eg held til, skriv Natvik mellom anna i grunngjevinga for kvifor ho meiner at Eid + Selje bør heite Stadt kommune. Ho legg til at kommunevåpenet sjølvsagt må spegle kommunenamnet.

Også Jan Marin Frislid heiar på Stadt-namnet. Også han legg stor vekt på at alle veit kvar Stadt er. Namnet vert nemnt i radio og fjernsyn fleire gongar kvar dag.

– Som næringsdrivande med heile Noreg som marknad er det ei stor ulempe at når ein kjem utanfor nærområdet er det svært mange som ikkje veit kvar Eid er, påpeikar Frislid.

Unni Hermansen Torheim vil at den nye kommunen skal heite Stadt kommune fordi ein skal starte på nytt og ikkje treng bruke noko av dei gamle namna og heller ikkje lage til eit nytt namn som ingen plass høyrer heime.

– Stadt kommune blir no også sett på kartet med den nye Stad skipstunnel, poengterer Torheim.

Siri Sandvik meiner at Stadtkommune vil vere eit bra namn på vår nye kommune.

– Stadt er eit namn som er kjent i heile landet. Det er kort og enkelt å feste seg ved. Og det kan på ein fin måte symbolisere stolte, innbitne nordfjordingar som toler ein støyt, meiner ho.

Dragseid

– Den nye kommunen bør heite Dragseid etter Dragseidet i dagens Selje kommune. Det er historisk forankra tilbake til vikingtida og har også «Eid» i seg, meiner Kjetil Smørdal.

– Dragseid er ein historisk plass i Selje med Eid i namnet, påpeikar også Anita Sørland Aase.

Også Bjarte Gangeskar har Dragseid kommune som sitt forslag til kommunenamn:

– Namnet har historiske røter. Namnet høyrer heime i Selje kommune, men har Eid i seg. Namnet vil og ha ein tidsaktuell dimensjon ved at Stad Skipstunell kjem i den nye kommunen og viser ein annan måte å unngå Stadhavet på, enn å drage båtane over Dragseid, argumenterer Gangeskar.

Også Berge Magnar Bjørkedal har Dragseid som framlegg. Grunngjevinga er at dette namnet vil vere med å vidareføre identiteten til både Eid og Selje.

– Eid kommune satsar no sterkt på å synleggjere Myklebustfunna, Myklebustskipet og Nordfjordeid som maktsenter i vikingtida. I vikingtida drog dei skipa over land for å unngå farlege havstykke, til dømes over Dragseidet i Selje. Selje kommune har også sitt vikingspel: Dragseidspelet «På Sverdeggja».

– Dragseid kommune trur eg blir eit spennande namn som dei fleste i Eid og Selje vil vere nøgde med, skriv Bjørkedal.