(Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes)

Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Eidsgata med papirposar

Butikkane i Eidsgata har fått nye papirposar som felles profilering.

– Vi vil gjerne ha fokus på miljø, og får positive tilbakemeldingar på at vi satsar på papirposar. På Minibakeriet har vi brukt papirposar heile tida, både som bærepose og til brød, og vi har berre positive erfaringar med det, seier Tonje Sjaastad (midten), butikkstyrar i Minibakeriet. Her er ho saman med f.v. Ingrid Naustdal i BergArt og Ingun Vaksdal i Primula Design.