Flaggborg, sol og snødekte fjell. Den perfekte ramma for nasjonaldagen som nyleg har starta i Eid sentrum. (Foto: Inger Træen )

Flaggborg, sol og snødekte fjell. Den perfekte ramma for nasjonaldagen som nyleg har starta i Eid sentrum. Foto: Inger Træen

Gratulerer med dagen Eid!

17. mai kom med sol og varme, blide fjes og hornmusikk. Toget i Eid er på veg opp til Nordfjord sjukehus, der det skal vere musikk og tale.

Det blei nasjonaldag, sol og sommar på same dag. Mange blide fjes å sjå opp bakkane mot Eid eldretun i dag, med flaggborg og Hjelle skulemusikk i spissen. Etter det kom Nordfjord skulekorps, Hjelle skule, Nordfjordeid skule og Haugen skule. Eid musikklag danna den taktfaste baktroppen i barnetoget.