På førehand var Stryn store favorittar etter fire sigrar på like mange kampar i årets 4. divisjon, medan Eid sto med fem poeng etter dei fire første serierundane.

Etter kveldens tradisjonsrike 16. mai-kamp på kunstgrasbana i Stryn står raudtrøyene med fem strake sigrar. Eid har plassert seg under midten av tabellen og har mykje å jobbe med framover.

Pangopning

Heimelaget opna knallsterkt. Allereie etter fire minutt sende toppscorar Mads Wie Stryn i føringa 1-0 på straffespark. Før ti minutt var spelt var stillinga 2-0 etter at kaptein Vegard Hopland ruva høgast etter eit hjørnespark.

Eid kom meir med mot slutten av første omgang, der både Kristian Lefdal og Vebjørn Høynes kom til store sjansar, men utan uttelling.

Punkterte kampen

I opningsminutta av andre omgang la innbyttar Agon Quitaku på til 3-0 for Stryn. Eid fekk nytt håp då Simen Lefdal reduserte til 3-1 før ti minutt var spelt av andre omgang, men då Mads Wie sette inn 4-1 kvarteret før full tid var kampen punktert.

Til slutt vart det stygge siffer for Eid, då både Petter Hammer og Agon Quitaku auka leiinga for Stryn, slik at sluttresultatet vart 6-1.

Andre resultat frå 4. divisjon i kveld: Høyang-Dale 0-0, Tornado Måløy-Skavøypoll 2-2 og Årdal-Vik 1-2.