– Tidlegare har avgangselevane halde tale i samband med 17. mai-feiringa. I år blir det litt annleis. Vi er sju elevar i 7. klasse, og vi har intervjua kjende personar i Eid og lokalkjende i Kjølsdalen, fortel Ingar Mikal Vidnes Riise. Saman med Sander Løvlid og Sandra Almskår troppa han opp i Fjordabladet for å intervjue nyeredaktøren Ingebjørg Nilsen Stokkenes.

– Vi spør folk kva dei skal gjere på 17. mai, og kvifor vi feirar 17. mai. Alle vi intervjuar skal visast på storskjerm under feiringa i Kjølsdalen, fortel dei. Både ordføraren, leiaren ved Dolca Vita, Ove Kjøllesdal og Torfinn Myklebust er mellom dei som er intervjua.

– Problemet er å finne damer som kan stille opp. Fleire damer burde ha posisjonar. Vi må ha likestilling, meiner elevane.