Last som måtte stå igjen etter kontrollen på Kjøs i dag.
            (Foto: Statens vegvesen)

Last som måtte stå igjen etter kontrollen på Kjøs i dag.Foto: Statens vegvesen

Køyrde med fleire hundre kilo overlast

To førarar måtte setje igjen fleire hundre kilo last etter at Statens vegvesen heldt kontroll på Kjøs i dag.

Kontrollen vart halden frå klokka åtte i dag tidleg til klokka tre i ettermiddag. Her vart to norskregistrerte varebilar stoppa med høvesvis 300 og 400 kilo overlast. Begge måtte laste av til lovleg vekt før vidare køyring.

I den same kontrollen fekk ein lastebileigar 8.000 kroner i bot for ikkje å ha pålagd bombrikke i bilen.

Éin førar fekk skriftleg åtvaring for brot på køyre- og kviletida.

Éin bilførar fekk køyreforbod og måtte fjerne gjenstandar i siktsone før han fekk køyre vidare.

Éin bilførar vart pålagd kontroll av fartskrivar, fordi denne hadde feil.