Har du skaffa deg DAB-radio? Dersom ikkje bør du kanskje ta beina fatt til butikken.

Om vel ein månad, 21. juni, blir NRK sine FM-sendingar stengt av i Sogn og Fjordane.

Då kan det bli ganske stille i radioen din.

Etter det er det DAB som gjeld, og i dag var tilsette frå Digitalradio Norge på Nordfjordeid for å hjelpe folk som har spørsmål kring dette nye digitale radionettet. Med ein eigen DAB-buss reiser dei Norge på langs.

−Vi får mange ulike spørsmål, men når det gjeld DAB i bilen så er det ein feil som går igjen. Nemleg den at folk ikkje har montert magneten eller teipen til jording på metall i bilen. Det er også viktig at antenna til radioen blir montert loddrett på frontruta i bilen. Elles er det sjølvsagt viktig at ein les bruksanvisninga før ein går i gang, seier Ole Jørgen Torvmark som har bak seg ein tur i radiobussen sidan oktober 2016. I forkant av at FM blei slått av har dei vore i Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Hedmark, Oppland, Telemark og Buskerud. No er altså turen komen til Sogn og Fjordane.

Skifte frekvens

NRK sine kanalar blir sendt på ulike DAB-frekvensar, avhengig av kvar i landet ein er. Dersom ein køyrer frå ein region til ein annan, må radioen skifte frekvens. Dei fleste radioar gjer dette sjølv, men det er viktig at funksjonen er aktivert. For å hente inn kanalane som sender der du er, må du oppdatere kanallista dersom radioen ikkje gjer dette sjølv. Sjå etter «scan», «full scan» eller «rescan». På nokre mottakararkan det også vere naudsynt å gjenopprete fabrikkinnstillingane.

Sjekk antenna

Har du ein radio heime med fastmontert antenne må denne bli strekt ut i full lengde. Er du ein stad med svake signal kan det vere naudsynt med ei utandørs antenne for å få betre mottak. Ta med ein radio utandørs og gjer eit kanalsøk. Dersom du får mottak, vil ei antenne utandørs også gjere jobben.