Det går heitt føre seg i kommunesamanslåingsdebatten. Frp-politikar frå Flora, Frank Willy Djuvik meiner det no er stor fare for at Vågsøy+Flora strandar, og skuldar på Venstre.

– Eg meiner Stortinget burde slå saman i alle fall Flora og Vågsøy, men heller ikkje det har ein fått fleirtal til. Grunnen til dette er at Venstre ikkje ynskjer at Kinn kommune skal realiserast. Eg har fått stadfesting på at både Høgre og Frp er positive, men ein maktar ikkje å få fleirtal i Stortinget. Eg er veldig skuffa over Venstre, seier Djuvik til NRK Sogn og Fjordane.

Frank Willy Djuvik skriv i ein facebookdebatt at han eigentleg har stor tru på Bremanger Venstre sin vilje til ei framtidsretta kystkommune med alle dei tre kommunane, men dessverre ser det ut til at Eid Venstre sitt syn veg betydeleg tyngre hos Venstre si stortingsgruppe.

–  Og det er vel ingen hemmelighet at Eid Venstre si største frykt er at ein skal få til ein effektiv vekstkommune på kysten i Sogn og Fjordane, skriv Djuvik.

Dette har vekt reaksjonar, mellom anna frå Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) som skriv følgjande:

«Når ein ser det konspiratoriske og heilt tøvete oppdikta debattnivået du legg deg på, Frank Willy Djuvik, er det i alle fall ikkje vanskeleg å forstå at du har problem med å bli tatt seriøst og få gjennomslag for dine saker i Oslo. Dette er lågmål. Sjølv frå di side»

Bakgrunnen for debatten er, som NRK Sogn og Fjordane melde, at  kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner nyleg gjorde det klart at han ikkje støttar ei samanslåing mellom Vågsøy og Flora no, og utset heller avgjerda til etter valet til hausten.

Den nye Kinn kommune (Vågsøy + Flora) vil ha to timar mellom kommunesentera, og ha Bremanger i midten. Mange har meint at kommunen blir så spesiell at kraftkommunen Bremanger i midten må tvingast med.

Men regjeringa vil så langt ikkje tvinge Bremanger. Statsråden kunne ha slått saman Vågsøy og Flora utan Bremanger, heller ikkje det vil regjeringa.