Dagny har ikkje funne nokon som vil ta på seg trykkejobben på kort varsel og prøver no gjennom Fjordabladet å kome i kontakt med nokon som kan hjelpe Eidarussen med å få russeavisa i boks.

Avisa er laga i InDesign. Ei side vil vere om lag A3-størrelse, og det er til saman 20 sider per avis. Det er 95 russ i årets kull, og ein ser føre seg eit opplag på om lag 500 eksemplar.

Det er PR-sjefen sjølv som har laga avisa, som inneheld mykje kjekt stoff, mellom anna bilete av årets russ, årets russeknutar og morosame sitat frå lærarar og elevar.

– Eg skulle ha begynt mykje før, men eg har vore sjuk 2/3 av russetida. I løpet av dagen skal alle sidene vere klare, seier Dagny som håper at nokon der ute kan gje krisehjelp slik at Eidarussen får avisa si før skuleåret er slutt.