Førre veke var langtidsvarslet dystert for dei som ønskjer å bruke mykje tid utandørs 17. mai, med regn og vind. No har varselet endra seg. Vervarslingstenestene Yr og Storm melder nemleg begge om delvis skya opphaldsvêr på nasjonaldagen, med temperaturar frå 12 til 17 grader.

Her må det presiserast at når det gjeld nedbør, blir varselet rekna som usikkert per måndag føremiddag.