Havilafjord kjøpte 26 prosent av aksjane i Fjord1 i august i fjor. Avtalen var då at dei hadde rett til å kjøpe dei resterande 33 prosentane av fylkeskommunen sin eigardel mellom 1. januar 2017 og 31. mars 2019. Denne avtalen som no er avslutta og oppfylt.

Nedsalet skjer, etter ønske frå Havilafjord, noko raskare enn avtalt, av omsyn til at dei planlegg å børsnotere Fjord1. Det er planlagd generalforsamling i Fjord1 16. mai, og det er avtalt oppgjer for opsjonsaksjane 22. mai 2017.

Fylkeskommunen får ein så god bankgaranti som mogleg for salet av aksjane. Etter planen skulle fylkeskommunen betale 15 mill. kr for denne, men på grunn av at Havilafjord no vil framskunde overtakinga av aksjane, har selskapet tilbydd seg å redusere dette til 10 millionar kroner.