I tillegg til Eid Elektro, fekk Scandic Nordfjord (Nordfjord Hotell) og Trucknor Førde diplom. Ut over dei nemnde verksemdene vart BB-gruppa og Fjord1 heidra med blomar for sitt gode samarbeid med «Ringer i Vannet». Jatak Kaupanger, Florø skyssbåt og Sogndal Hotell mottek diplom i etterkant av konferansen då dei ikkje hadde mogelegheit til å møte.

Rekrutteringsprosjekt

«Ringer i Vannet» er NHO sitt eige rekrutteringsprosjekt som bistår NHO sine medlemsbedrifter i jakta på arbeidskraft. Arbeids- og inkluderingsbedriftene som deltek i satsinga kartlegg NHO-bedriftene sitt behov og søkjer å finne rett person til jobben. Satsinga er eit samarbeid mellom NAV, arbeids- og inkluderingsbedriftene i NHO Service og NHO. Arbeids- og inkluderingsbedriftene er NAV sin forlenga arm i arbeidet med å få menneske som av ulike årsaker står utanfor arbeidslivet tilbake i jobb.

Ringer i Vannet vert drifta av NHO Service, og er NHOs satsingen på delmål 2 i IA avtalen.

I Sogn og Fjordane er det fire arbeids- og inkluderingsbedrifter som utgjer Ringer i Vannet:

• InVia

• Origod

• Mentro

• Sogneprodukt

Totalt har 82 NHO medlemsbedrifter Ringer i Vannet avtale i fylket.

Ragnhild Friis-Ottessen er regionsansvarleg for Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.