– Dette er eit stort samarbeidsprosjekt, og vi har også ein kunstnar som skal vise bilde som ho har teke, inspirert av danseyoga. Vi får to vaksne kjempeglade kvinner frå Island som skal styre latteryoga. Den eine er lærar og utdannar yoga instruktørar på Island. Vi har fått tak i mange spennande instruktørar, og vil skape litt liv på Eid denne helga, seier Marta Eiríksdóttir.

Det er eit arrangement som følgande instruktørar står for: Ásta Valdimarsdóttir, Elke Rauschenbach, Friðrik Þór Friðriksson, Heidi Beate Erviksøter, Heiðdís Gunnarsdóttir, Henny Vedvik Barmen og Marta Eiríksdóttir.

– Yoga kan vere til hjelp for folk som har helseplagar. Mange opplever at spenningar og stress slepp taket når dei begynner å trene yoga. Vi har også to kurs som går på nettopp dette med helse og harmoni, og yoga mot stress. Begge er to forsiktige kurs som alle kan delta på, fortel Marta.

Rikhaldig program

Programmet for festivalen som går over tre dagar frå 5. til 7. mai er svært spennande og rikhaldig.

Du kan mellom anna få prøve:

  • ungdomsyoga (bli mer balansert og fokusert)

  • tibetian yoga (fem tibetanske ritualer som set litt fyr på kroppen)

  • latteryoga

  • yoga i vatn (samarbeid med Nordfjord hotell)

  • yoga for menn

  • helse og harmoni yoga,

  • hatha yoga (den opprinnelege yogavarianten)

  • chakra dans og yoga (får opp pulsen)

  • energi dans med yoga

  • yoga for alle

  • yoga mot stress

Laurdag 6. mai vil instruktørane ha demonstrasjon av yoga på Amfi Nordfjord, og der vil det bli høve til å få prøve seg, viss ein har lyst til det.

Dei har allereie god påmelding, og håpar at fleire har lyst til å melde seg på.