Bedrifta har store og små kundar over heile Norge og i utlandet. Bedrifta har grønt som standard, med vekt på effektiv ressursbruk, maksimal ressursutnytting og minimal ureining.

Sidan Stadpipe blei starta i 1995, har dei utvikla seg til å bli blant dei leiande i landet på avanserte rørsystem. Dagleg leiar Nils Per Sjåstad seier at bedrifta tek ansvar frå prosjektering til ferdigstilling i eit engasjert, tverrfagleg miljø.

Verksemd i sterk vekst

Sjåstad fortel at Stadpipe har hatt sterk vekst dei siste åra, og har no runda 30 tilsette.

– Vi satsar bevisst på lokal arbeidskraft, seier han.

– Vi har for tida tre lærlingar med bakgrunn i industrimekanikar- og rørleggarfaget.

Stadpipe arbeider innan bedriftsmarknaden, og har store kundar som Lefdal Mine, Krüger Kaldnes, Halliburton og Mongstad Eigedom på Mongstad.

På Mongstad har dei levert 30 000 meter med rør og delar. På Pelagia Måløy monterer Stadpipe kjølesystem for nytt innfrysingsanlegg.

Stadpipe Bergen

Sidan 2008 har bedrifta hatt arbeid i bergensområdet, og har etablert avdelingskontor der med verkstad og tilhøyrande lager og kontor. I verkstaden vert det og produsert spesialdelar for kundane i området knytte til oljebransjen. Oppdrag i bergensområdet har gjeve Stadpipe høg kompetanse på arbeid innan denne bransjen.

Mest oppdrettsanlegg

Sjåstad opplyser at oppdrettsanlegg over heile landet er ein stadig viktigare marknad. Eit mykje etterspurt produkt er oksygeninnløysarar for selskapet Aga, men framleis er fiskeflåten ei kundegruppe det vert satsa på. RSW-anlegg, komplette kjølesystem er eit hovudprodukt.

Stadpipe har levert til fiskerimarknaden sidan 1996, og fleire av medarbeidarane har fartstid på fiskebåt, noko som er nyttig for bedrifta.

Allsidig produksjon

I tillegg til store engasjement innan fiskeri og oppdrett, leverer Stadpipe anlegg til industrien.

Både i Norge og internasjonalt tilbyr dei spesialdesigna delar og komplette rørsystem tilpassa kundane sine spesifikasjonar og behov.

Såleis har bedrifta fleire bein å stå på, og hadde i 2016 ein omsetnad på rundt 60 millionar kroner. Ein reknar med ein omsetnad på om lag det same dette året.

DESIGNER: Anna-Stina Åkeson er nytilsett designar og veldig aktiv surfar. Sigve Røkås har jobba i Stadpipe i mange år. Foto: Per Ole Lefdalsnes
RØRSYSTEM: Eit avansert rørsystem som skal til oppdrettsanlegg på Trøndelagskysten. Røra er 1200 millimeter i tverrmål. Steffen Hoddevik(t.v.) og lærling Adrian Ligia. Foto: Per Ole Lefdalsnes
DREIING: Ved dreiemaskinen Roland Haaland (med briller) og lærling Johannes Osmundvåg. Foto: Per Ole Lefdalsnes
I ARBEID: Johan Olav Sjåstad og Hans Christian Hansen i arbeid på Mongstadbase. Foto: Stadpipe
VERKSTADHALL: Asbjørn Losnegård utanfor verkstaden på Stadlandet. Foto: Stadpipe