– Valhall var samlingshuset vårt. Det var dette som var storstova i Eid. Her hadde vi revyar og kino, og laurdagskveldane var det fest. Alt var her, fortel Arnljot Haavik, som sit med handa full av årar. Åresalet går unna, og gevinstane er mange. Den årlege basaren til Plassens venner gir fullt hus. Basarsoljet går også for fullt, men blir stilt når Reidun Sunde les opp vinnernummera. Ho rotar godt ned i posen med nummerlappar, før ho proklamerer: «1555». Yasin Andiz er for første gang på basar, og jublar skikkeleg over ha vinnarlukka med seg.

– Ein må sjølvsagt juble, meiner han.

– Basaren er ein møteplass, der ein samlast rundt bordet. Det er derfor vi kjem, og sjølvsagt for å støtte Plassens venner, seier ein gjeng godt vaksne damer.

Barbro Os Noste fortel at dei som har vakse opp nesten på Plassen, har vore mykje i Valhall frå ein var barn og ungdom.

– For meg betyr det mykje at Valhall blir ivaretatt, at det er ein del av lokalmiljøet på Eid.

Kakene går unna når Plassens venner har basar i Valhall. F.v. Aud Kragseth, Grete Bjørkedal og Inger Johanne Brekke. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Barbro Os Noste (t.v.) og Ann Inger Heggedal nokon av dei mange gevinstane ein kan vinne på basaren. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Snurrehjulet som gir premiar er populært for både små og store. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Basarliv er sosialt, synes denne gjengen. F.h. Helga Taklo, Anne Alsaker, Oddny Orheim og Bjørg Trøen. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Nokre av ungjentene som skal vere med i årets framsyning av Elskhug og eksis underheldt på basaren. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Eid musikklag leia av Kari Standal Pavelich underheldt på basaren, medan borda rundt om i Valhall fyltest opp. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Ein god, gammaldags basar er kjekt for både ung og gammal. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes