Selje og Eid kommune startar no prosessen med å finne namnet på den nye kommunen som skal etablerast 1.1.2020.

Namneprosessen startar idag

– Vi kjem til å besøke ungdomsskuleklassane, vi kjem til å bruke sosiale media og vi kjem til å utfordre alle til å vere med. Vi har besøkt Selje ungdomsskule denne veka og vil besøke Stadlandet ungdomsskule og Eid ungdomsskule i løpet av kort tid, seier ordførarane Stein Robert Osdal og Alfred Bjørlo.

Fristen for å kome med forslag til nytt namn og nytt kommunevåpen er satt til 15. Mai.

Nytt namn på den nye kommunen skal vedtas i felles kommunestyre den 22. Juni.

– Nytt kommunevåpen skal vedtas til hausten 2017. Kommunevåpen har strenge reglar for utforming og vi tenker at vi kjem til å gå ut i frå nokre av dei forslaga som kjem inn og ber kunstnarar om å lage eit utkast som vi kan ta stilling til. Prosessen med kommunevåpen haster ikkje så mykje som namnevalet. Namnevalet må vere klart til vedtaket om kommunesamanslåing skal inn i kongeleg resolusjon, seier dei.

Vinnaren som har levert inn namnet som vert valt namnet på den nye kommunen får ei gåvepremie på 10 000 kr som vedkommande skal gi til ein frivillig lag/organisasjon i Selje eller Eid.