– Vi ser at dei som har jobba oppi dette er frykteleg slitne. Det har vore flyttesjau og ei tilpasning og alt er heilt nytt, og eg må seie eg synest synd i dei som har jobba der i denne fasen her. Så håpar eg samstundes at når ein har blitt kjend med all elektronikken, så vil dette gå seg litt betre til. Men vi må syte for at det blir ei bemanning som gjer at folk ikkje sliter seg heilt ut, og at pasientane får den hjelpa dei skal, seier leiar for helse- og sosialutvalet Lars-Svein Drabløs.

– I møte med Helse- og sosialutvalet førre veke var det brei einigheit om at her måtte det strakstiltak til. Eg kjem til å informere finansutvalet i dag (journ.anm torsdag)  om dette og at det er noko vi er nøydde til å prioritere, seier han.

Budsjettilpassing

– Då vi lagde budsjettet i haust, så gjekk vi vekk ifrå å kutte. Vi gjekk over på ein modell som har med tilpasning. Det vil seie at i sektorane det ikke var det store behovet så kutta vi, eller tok vekk. No ser vi at vi er nødt til å kanskje gå andre vegen og tilføre. Vi må heile tida vere veldig tydelege på at vi driv med tilpasning innafor heile sektorområdet, seier Drabløs.

Sørste utfordringa er rekruttering

Drabløs foreslår at ein går inn på eit program for å gjere det meir interessant for folk å søke på, og at dei som jobbar der ser mulegheiten til å utvikle seg fagleg i kommunen.

– Vi må gjere helsesektoren meir interessant å jobbe i, og det er veldig mykje å ta tak i. No har vi fått eit godt tilpassa bygg, men det eg ser som den store utfordringa i åra framover er å rekruttere dyktige medarbeidarar. Nordfjord sjukehus har mange sjukepleiarar, men vi må nok gå inn i eit program for oppgradering og kompetanseheving på tilsette for å gjere det meir attraktiv. Dette er noko Staten bevilgar pengar til, forklarer Drabløs.

Det er klart at vikarbyrå kostar pengar, vi må for all del unngå å hamne i ein vond sirkel med mange sjukemeldingar og mykje innleige av vikarar, for då vil det bli dyrt. Det kom ikkje som nokon stor overrasking på oss at ein ville komme til å trenge fleire tilsette. Men det er inga krise, og vi har ein administrasjon og utvalet som føl dette tett. Eg er overtydd om at vi skal få dette til. Og ein del ting må gå seg til, seier Drabløs.