Ifølgje NRK har skuleleiinga i fleire år visst om dei alvorlege forholda utan å gjere det dei kunne for å stoppe det. Rådmann Åslaug Krogsæter seier til Fjordabladet at dei jobbar med å få på plass betre rutinar og ein god praksis for å følgje opp slike saker.

–Eid kommune er ein av dei kommunane som i snitt bruker minst pengar per elev. Har Nordfjordeid skule nok ressursar til å gjere ein god nok jobb når det gjeld å følgje opp slike saker?

–Dette handlar ikkje om ressursar, men om forståinga av lovverket og at ein ikkje har følgt lovverket godt nok. Vi må sikre at alle på skulen har god nok kunnskap om lovverket og ei felles forståing av korleis dette skal praktiserast, seier rådmannen. Krogsæter er også oppteken av at foreldra skal ha god nok kunnskap om lovverk og rettigheiter, og seier at dette vil bli teke opp i FAU på Nordfjordeid skule.

Fjordabladet har stilt spørsmål til rådmannen om rektor ved Nordfjordeid skule kan halde fram i jobben sin etter det som no har kome fram i NRK, men ho vil ikkje uttale seg om personalsaker i media.

– Nødvendig å rydde opp

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) har blitt orientert av rådmann Åslaug Krogsæter om saka om mangelfull oppfølging av mobbing på Nordfjordeid skule etter at NRK byrja å jobbe med den.  Bjørlo seier at det verkar som om rådmannen tek dette med det største alvor.

–  Det er alvorleg det som kjem fram. Det er heilt nødvendig at dette blir rydda opp i. Det viktige for oss er barna sitt ve og vel, at barna er i sentrum, seier ordføraren. Han opplyste i går til Fjordabladet at formannskapet ville få ei orientering om saka på møtet same ettermiddag.

Les også på NRK