Dette er klart etter at dei 14 finalistane no er plukka ut. I år mottok og lytta juryen på heile 1.255 bidrag. Etter nokre rundar står det igjen 10 finalistar som får draumen sin oppfylt, melder NRK.no. Oselie Henden er fødd i 2002 og går i 9. klasse ved Eid ungdomsskule.

Dermed blir det andre året på rad med finalistar frå Eid kommune. I fjor gjekk som kjent for dei fleste Vilde og Anna heilt til topps i MGP junior med songen "Vestlandet".

I midten av mai startar musikkproduksjonen, og i august skal heile gjengen bli kjent med kvarandre på leirskule før den viktige øvingsperioden fram mot finalen startar.

– Vi har gjennom åra sett at den viktige tida på leirskulen fører finalistene saman, slik at dei blir ein samansveisa gjeng tidleg i produksjonen. Det har mykje å seie for tryggleiken dei føler når dei endeleg skal stå på scena med sitt ferdige resultat, seier prosjektleiar for MGPjr, Eva Rutgerson Bie til NRK.no.