Kampen hadde passert 90 minutt då bortelaget kunne sleppe jubelen laus. Då utlikna nemleg Johnny Aspeseter Hagen etter eit hjørnespark, der Eid-forsvaret var svært passive.

Det var Eid som var det førande laget i første omgang. Ti minutt ut i omgangen vart Vebjørn Høynes spelt gjennom. Høynes runda keeper og sette inn 1-0 for heimelaget.

Same Høynes auka leiinga til 2-0 knappe 20 minutt ut i omgangen. Denne gongen med eit knallhardt langskot med venstrebeinet.

Etter kvilen førte Årdal kampen, og alt i alt var uavgjort eit rettferdig resultat. Den første reduseringa til bortelaget kom etter ein retur frå Eid-keeper Erik André Røysen etter eit frispark. På returen var Andreas Natvik på plass og sette inn reduseringa.

I og med at Både Eid og Årdal tapte sine kampar i serieopninga, står begge laga med eitt poeng etter to serierundar. Det er neppe nokon av laga fornøgde med.