Snart tusen år etter at munkane på Selje kloster laga sitt eige øl av humle frå klosterhagen, kjem klosterølet Selja på marknaden.

Det er bryggeriet Kinn med kjølsdølingen Espen Lothe i spissen som har produsert eit eige klosterøl.

Sunnivafestivalen

Det nye ølet blir presentert i Doktorgarden i kveld i samband med Sunnivafestivalen i Selje. På etiketten til klosterølet kan ein lese om Sankta Sunniva som flykta over havet og stranda på øyane Selja og Kinn. Om dei drakk øl fortel ikkje soga noko om. Sikkert er det i alle fall at ølbrygging høyrde klosterlivet til.

Etiketten på det nye ølet har bilde av Selje kloster.
Kjølsdølingen Espen Lothe kjem stadig opp med nye ølsortar. Frå før har til dømes Kinn og Ivar Aasen fått sitt eige øl. No har han sett vest mot havet i Nordfjord for å lage eit eige klosterøl med namnet Selja.