Kommunalsjef i Eid, Harald Sivertsen seier til Fjordabladet at det vert lagt opp til å ha eit slikt møte i forkant av kommunestyremøtet komande torsdag. Der vil det bli gitt ei grundig orientering, mellom anna om kva tiltak som har vore sett i verk for å betre det psykososiale miljøet ved skulen.

Sivertsen vil ikkje svare no på spørsmål frå Fjordabladet om kva han har visst og kva han har gjort, mellom anna for å følgje opp tidlegare tilsyn der det har blitt påpeika at det har vore få enkeltvedtak i mobbesaker. Kommunalsjefen viser til den gjennomgangen som skal vere i ekstramøtet i Oppvekst- og kulturutvalet.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomførte i 2010 eit tilsyn ved Nordfjordeid skule, der dei mellom anna såg på elevane sitt psykososiale miljø.

I rapporten påpeika Fylkesmannen at skulen var tilbakehaldne med å opprette mobbesaker. Dei foreldra NRK har snakka med, viser alle til hendingar etter 2010.