Strømsli reagerer sterkt på det han meiner er ubalansert framstilling frå rådmann  Åslaug Krogsæter si side, der ho veltar alt ansvar over på rektor. Eid kommune har lagt seg flate etter at det har kome fram at Nordfjordeid skule visste om mobbing, men ikkje gjorde nok for å stoppe den. Det var NRK som først omtala saka.

– Her sparkar ho nedover, og det er mangel på rolle- og systemforståing. Mobbeproblemet er det vanskelegaste skulane har, og det er sjølvsagt forferdeleg for dei som opplever det. Men akkurat i denne saka viser rådmannen at ho skyv ansvaret frå seg. I beste sendetid i etermedia gir ho inntrykk av at ho vil berge seg sjølv, fortel Strømsli.

Han meiner rektor har gjort ein feil ved å ikkje opprette enkeltvedtak, det vil seie mobbesaker, slik foreldre bad om.

– Men ansvaret ligg hos rådmannen. Har ho gått inn på rapportane og sett? Om ho ikkje har gjort det har ho gjort ein alvorleg feil, seier han.

Strømsli påpeikar han har vore i dialog med skulemiljøet på Nordfjordeid, der lærarane ikkje kjenner seg igjen.

– Dei meiner dei jobbar systematisk og godt med mobbesaker, seier Strømsli. Han presiserer at skulane har handlingsplikt.

Kommunalsjef Harald Sivertsen vil ikkje svare no på spørsmål frå Fjordabladet om kva han har visst og kva han har gjort, mellom anna for å følgje opp tidlegare tilsyn der det har blitt påpeika at det har vore få enkeltvedtak i mobbesaker. Sivertsen viser til den gjennomgangen som torsdag skal vere i ekstramøtet i Oppvekst- og kulturutvalet.