–Vi har hatt for lite bemanning i denne overgangen. Det har ikkje vore bra, og det har falt veldig feil ut. Vi lyt finne ut av korleis vi skal organisere oss vidare, seier avdelingsleiar Sølvi Nesbakk Ryland.

Fleire uheldige samantreff

På grunn av fleire uheldige samantreff med mange som er ute i permisjon, eller skal ut i permisjon, og fleire som er sjukemelde, har det vore vanskeleg å få fatt i nok folk til å dekke alle vaktene. Belastninga på avdelingsleiarane har vore stor, og dei har til tider brukt heile dagane sine på ringe for å skaffe folk til å dekke opp vaktene. At det i tillegg er svært sjuke pasientar på nokre av avdelingane har gjort at behovet for personell har vore mykje større enn ein hadde rekna med på førehand.

– Det har ikkje vore nokon lett overgang å flytte inn i nytt bygg. Vi har vore i kontakt med bemanningsbyrå, og leigd inn sjukepleievikarar for å dekke opp akutte behov. Vi kunne lett ha tilsett fire nye sjukepleiarar og gitt dei nok arbeid, utan problem seier Nesbakk Ryland.

Det er fem avdelingar på Hogatunet. Fire av dei med 10 pasientar, den femte har 12 pasientar. På to av avdelingane er det to personell både på dagtid og på kveldstid. Dei andre har tre personell på dagtid, den eine har også fire på vakta midt på dagen, medan det er tre personell på nattetid. Dette er avdelingane med dei mest sjuke pasientane.

Brukar tida på å skaffe folk

Før flyttinga søkte Eid kommune etter fleire sjukepleiarar, fordi ein såg behovet for fleire folk. På grunn av få kvalifiserte søkarar har ein framleis behov for fleire tilsette. Kommunen skal til å lyse ut fleire faste sjukepleiestillingar, og i tillegg har ein leigd inn vikarar frå bemanningsbyrå som strakstiltak.

– Utfordringa er at ein ikkje har nok tid til å snakke med pårørande, vi har heller ikkje sjanse til å planlegge noko framover. Ein avdelingssjukepleiar har ei heil avdeling å bli kjend med, det er nye pasientar, mange av dei er svært sjuke og demente. Alt er blitt større, og vi har ein ny måte å arbeide på og mykje nytt å sette oss inn i. Det er også mykje nytt for pasientane og bli kjend med. Vi vil ikkje inn i ein dårleg trend med mange sjukmeldingar, men det er heile tida eit problem å skaffe nok fagfolk. Nokre ting har vi visst om, slik som svangerskapspermisjonar. Vi treng ein person som skal prøve å ha den fulle oversikt til kvar ein tid, seier Nesbakk Ryland.

Tungt for leiinga

For avdelingsleiarane Sølvi Nesbakk Ryland og Heidi Munch Starheim har den vanlege arbeidsdagen ikkje strekt til for å få jobben gjort. Enkelte har jobba mykje meir enn ein kan forvente i denne oppstartsfasen.

– Vi er ikkje skodde til å ha det slik som no. Vi treng meir folk, og fleire fagfolk. Følelsen av å mislykkast i alt vi gjer er der, og hos fleire av oss. Når ein sit att og føler at ein ikkje får til noko så er det på ein måte dobbelt nederlag, seier Nesbakk Ryland.

Optimistiske: Heidi Munch Starheim og Sølvi Nesbakk Ryland var optimistiske i starten. Foto: Anita Ingebrigtsen