I løpet av tysdag, onsdag og torsdag skal studentane gjennomføre eit eige feltopphald, med tilhøyrande datainnsamling.

– Dei vil mellom anna sjå på ungdom sin situasjon i heimkommunen, korleis dei har det og kva haldningar dei har til å bli buande, fortel Grethe Mattland Olsen ved Institutt for planlegging og administrasjon.

Fleire tema

Studentane frå Volda går første året på Bachelorutdanning i planlegging og administrasjon eller dei tek eit eittårig studium i Samfunnsvitskap. Dei er inndelt i til saman 11 grupper som vil ta for seg ei rekkje tema: Ein vil mellom anna sjå på skular i Selje – samanheng mellom tiltak og skår på kommunebarometeret, og utfordringar og potensiale knytt til reiseliv både i Selje og Eid. Studentane vil også sjå på ringverknadar av surfeaktiviteten i Hoddevika og samarbeid mellom skule og kultur i Eid.

Ute i felten

Ein av dagane er sett av til møte for studentane ute i felten der nokre av dei skal gjennomføre eigne spørreundersøkingar og intervju mellom innbyggjarane.  Ein annan dag vert det orientering på kommunehuset i Eid, der representantar frå begge kommunane vil vere til stades.

– Kanskje vil innbyggjarane møte på studentane ute i felten der nokre av dei skal gjennomføre eigne spørreundersøkingar og intervju blant innbyggjarane.  For studentane er lokalsamfunnsanalysen ein ypparleg måte å sjå i kva grad teorien dei tileignar seg i studiet, stemmer overeins med kva dei møter i praksis, fortel Mattland Olsen.