−Vi merkar at det er optimisme i fjordhestmiljøet, seier Magni Hjertenes Flyum, dagleg leiar ved Norsk fjordhestsenter på Nordfjordeid. I desse dagar er ho ved innspurten i førebuingane til hingsteutstillinga for fjordhest på Nordfjordeid. Ei heil veke med fjordhest som har fått namnet Fjordhest for folket. Med program frå og med i morgon og til og med neste laurdag. I hovudsak skjer dette på Nordfjordeid, men veka for fjordhest inkluderer også unghestsjå på Breim og i Førde. Samt jubiléum for Fjordhorse International i Oppstryn.

Fleire fødde

Og sjølv om hingstutstillinga på Nordfjordeid i år berre har 23 påmelde hingstar, det lågaste på mange år, er leiaren for det nasjonale fjordhestsenteret optimist.

−Vi har no nådd botnen når det gjeld få hingstar på utstilling her på Nordfjordeid. Dette kan vi seie ut i frå at talet på fødde fjordhestføl kvart år er på veg oppover. I fjor kom det til verda 129 fjordhestføl her i landet, ein auke på heile 35 prosent frå året før, då talet fødde var berre 83. I fjor vart det bedekka 253 fjordhesthopper, og vi ventar i år mellom 130 og 140 føl. Den norske stammen er altså på veg oppover og det ser vi allereie på unghestsjå. I år er det påmeldt 32 unghestar på unghestsjå på Breim, i fjor var dette talet nede i 23. Om eit par år vil denne auken av unghestar forplante seg oppover til fleire hingstar på utstilling, trur Hjertenes Flyum.

Ho understrekar at oppskrifta for meir satsing er kunnskap og aktivitetar for dei som driv med fjordhest.

Lære i fellesskap

Norsk fjordhestsenter på Nordfjordeid har dei siste åra satsa meir på kurs og aktivitetar. Det handlar om å få auka kunnskap rundt oppdrett og vidare opptrening av hesten.

−Det er viktig for hesteigarane å ha eit miljø som dei kan vere ein del av. At dei kan kome saman for å lære, utveksle erfaring og få inspirasjon til å halde fram. Dette har vi satsa på her på senteret dei seinare åra, og vi ser no at dette har gjeve resultat. Ein gryande optimisme har spreidd seg og vi ser at interessa for fjordhesten er smittsam. Fleire vil ha fjordhest som hobby, vere med på utstilling og konkurransar, opplyser Hjertenes Flyum som no kan presentere aktivitetar kring fjordhesten heile ni dagar på rad.

Show og travløp

«Fjordhest for folket» startar allereie i morgon, 29. april. Då blir det landsstemne i køyring på Norsk fjordhestsenter. Utover i neste veke blir det utvida bruksprøve for hingstar som er fire og fem år, markering av Fjordhorse International på Jostedalsbreen nasjonalparksenter, årsmøte i Norges fjordhestlag, fjordhestshow av elevar ved Fjordane folkehøgskule, fjordhestkviss og travløp. På sjølve utstillingsdagen, laurdag 6. mai blir det også aktivitetar i Eid sentrum. Det blir Bondens marknad, aktivitetar ved Eid bondelag, aktivitetar ved 4H, opptog av hingstar og ponniriding.

Tre lokale utstillarar

Under årets hingsteutstilling vil tre lokale utstillarar frå Eid kommune også vere på plass i ringen.

Det er fire år gamle Lavrans som er eigd av Norsk fjordhestsenter, og skal stillast ut av Malin Liland, Herlig som skal stillast av Miriam Hoddevik og Aisman som blir stilt ut av Bjørn Egil Solibakke frå Haus.

Lavrans er ein hingst som blei kåra som treåring under utstillinga i fjor, med utstillar og eigar Even Myklebust. Norsk fjordhestsenter kjøpte hingsten i fjor vår og hadde den på seminstasjonen i fjor sommar, der den bedekka 22 hopper. No skal Lavrans på utvida bruksprøve og ny utstilling for å kunne behalde kåringsgraden, og kanskje nappe til seg ei sløyfe.

Den unge Herlig kjem som fersk inn i ringen på Nordfjordeid. Som treåring er han klar for å forsvare det at han blei stilt som nummer to i kvalitet som toåring under unghestsjå på Breim i fjor, og blei spiss som eittåring. Eigar og utstillar av Herlig er Miriam Hoddevik.

Den andre treåringen frå Eid kommune er Aismann, med Bjørn Egil Solibakke som eigar og utstillar. Solibakke er også oppdrettar av denne hingsten som blei stilt som nummer tre i kvalitet under unghestsjået i fjor.

Fjordhestfolk frå heile verda

Under fjordhestdagane blir det også markering av at Fjordhorse International blir 20 år i år. Det er ein internasjonal organisasjon som blei oppretta i 1997, og som i dag har 13 medlemsland.

Jubiléet vil bli gjennomført på Jostedalen nasjonalparksenter i Oppstryn. Årsaka til denne plasseringa er eit besøk til den garden der matadoren Njål blei fødd i 1891. I ei tid med mykje innblanding av andre rasar i fjordhesten blei Njål redninga for å avle fram ein hingst med ekte fjordhestpreg. I dag finst det knapt ein fjordhest i verda som ikkje kan føre ættelinene sine tilbake til Njål.