Det historiske spelet Elskhug og eksis blir i år sett opp for sjuande gong, første gong var i 2005 i samband med jubiléet for unionsoppløysinga. I år er det heile 140 deltakarar med, der særleg mange barn og unge skal vere på Plassen jonsokhelga 23. til 25. juni. Rekkja til tambur Paul Paulson blir i år ekstra lang med heile 33 barn. Også troppen til premierløytnant John Myklebust opplever rekord i år med heile 20 deltakarar.

To bryllaup

Også i år blir det bryllaup i samband med det historiske spelet. Arrangørane satsar på bryllaup både fredag og laurdag. Dei har fått gifteklare til den eine dagen, men manglar framleis eitt brudepar. Dei oppmodar giftelystne til å melde seg. Regiassistent Erlend Ona Gjul opplyser at det i år også blir ei ny og stor overrasking under spelet.

−Vi har lagt inn ei hending som vil bli ei stor og artig overrasking for dei som møter opp. Meir om dette vil vi ikkje røpe enno, men vi oppmodar folk om å møte opp for å sjå kva dette er, seier regiassistent Erlend Ona Gjul.

Nye skodespelarar

I år er det ein del nye skodespelarar i nokre av rollene. I rolla som hestekaren Rasmus går Trond Haavik inn og overtek etter Olav Rune Seljeset som har hatt denne rolla i mange år. Thomas Hals overtek rolla som spelemann, målar og frisør Valdemar Valdemarsen Øyebakken. Runar Nybø skal vere fotograf og trubadur Andreas Rovde.

Veks i rollene

Erlend Ona Gjul seier også at det er mange som blir med i spelet år etter år.

−Vi ser at fleire startar med å vere med i rekkja til Paul Paulson. Så går dei over til andre roller seinare. Det er fleire som har vore med i spelet mest kvart år, seier han.

Organisasjonen i Elskhug og Eksis 2017:

Regi: Marit Grytnes DullaertRegiass.: Erlend Ona GjulMusikalsk leiar: Erlend OsProdusent: Tormod NilsenInspisient: Johanne IljeRegi barn: Thomas Hals og Jon Kjørstad

Styret: Styreleiar Per Scott Olsen, styremedlemene Siri Sandvik, Sonja Edvardsen, Janne Endal Andersson og Jørn Nedrebø.