Dette inneber at den i ein periode på to månadar, frå 18. juni til 20. august, saman med dag- og nattavgang, utgjer tre avgangar begge vegar mellom Nordfjord og Oslo.

– Dette gjer vi for å dekke etterspurnaden i den perioden av året der den trengs mest, seier marknadssjef Nettbuss Travel, Svein-Arne Vik.

Ettermiddagsavgangen

Ettermiddagsruta kjem til gå å dagleg utanom laurdagar på om lag dei same rutetidene som den gjorde tidlegare frå Nordfjord. Den vil no ha sitt start og endepunkt på Nordfjordeid, og går frå Nordfjordeid kl. 14:15 og frå Stryn kl. 15:15 med ankomst Oslo kl. 23:25. Frå Oslo vil den starte kl. 14:30, Gardermoen kl. 15:20 og vere i Stryn kl. 22:50 og Nordfjordeid kl. 23:40.

Gode korrespondansar

Rute frå Ålesund via Stranda og Hellesylt gir god korrespondanse i Stryn med ettermiddagsbussen til Oslo.

– Her byggjer vi inn samband frå Ålesund via Sykkylven, Stranda og Hellesylt for å få med oss ein del av turisttrafikken som går den vegen. Då blir det muleg å kjøpe billettar på nettet frå denne tilslutningsruta og heilt til Gardermoen og Oslo, seier Svein-Arne Vik

Nytt av året er også at det blir oppretta korrespondanse på Langvatn (Strynefjellet) med buss frå Geiranger og ekspressbuss både til og frå Oslo.

Utsalsstadar for billettar

Nettbuss arbeider stadig for at det skal bli lettare å kjøpe billettar, og svært mange kjøper i dag billetten på internett eller mobil. For turistar og andre som ikkje har tilgang til desse mediene så er det muleg å kjøpe billettar via Nettbuss sitt kundesenter, hos reisebyrået i Måløy, turistinformasjonen i Stryn og på Otta. Det vert i tillegg arbeidd for å få på plass sal av billettar på Lom og i Geiranger. Billettar kan også kjøpast på Oslo Bussterminal.

Førehandskjøpte billetter er sikrast

Når billetten er kjøpt på førehand er kundane sikra plass.

– Då veit også sjåføren nøyaktig kvar han skal ta på og sette av passasjerar. Dette er ei tryggheit både for passasjerar og sjåfør, seier marknadssjef Svein-Arne Vik

Om Nettbuss Travel AS

Nettbuss er Skandinavias største ekspressbussaktør med konsepta Nettbuss TIMEkspressen og Nettbuss express. Kvart år køyrer Nettbuss Travel AS ca 3 millionar fornøgde bussgjestar fordelt på 15 ruter som dekker heile Sør-Norge, og med samband til Sverige og Danmark. Selskapet har 120 bussar som betener over 1500 haldeplasser i Noreg.