Dette er bilen til Magnus Aaning Buntemeyer, Jonas Lunde Sætre, Nicklas Øen, Lars Erik Telseth, Daniel Lødemel, Ivar Kirkhorn, Espen Haugen og Thomas Nygård frå Stryn vidaregåande skule.

– Køyretøyet er i god teknisk stand og bilen er utstyrt med gode seter med trepunkts belter og nakkestøtter på alle sitjeplassar.  Den framstår som ein god og trafikksikker bil for russen, heiter det i grunngjevinga frå Statens vegvesen.

Fekk premiar

Overrekking av premiane frå Sparebanken Sogn og Fjordane vart gjort i ettermiddag, ved Nordfjordeid trafikkstasjon.

Til saman har ti russebilar vore kontrollerte ved trafikkstasjonen på Nordfjordeid. I tillegg til vinnarane vart det 2. premie til Julie Helle Felde, Ariane Arnestad, Astri Marie Rønnekleiv, Susann Brobakke, Ingunn Tennebø og Malin Lavik Akse frå Firda vidaregåande skule. 3. premien gjekk til Angy Avendano, Sofie Holm, Sandra Tenud, Hildegunn Raftevold og Ingrid Johansen frå Firda vidaregåande skule.

Russequiz

Det har også vore arrangert russequiz, med spørsmål om trafikksikkerheit. Her vart vinnarane Leif Erik Flo Hoem, Andreas Flo Tonning, Vegard Aaland, Grim Nygård, Aron Kristiansen, Mathias Hidalgo, Jonathan Silden og Sander G. Vik frå Stryn vidaregåande skule.

3. premien gjekk til Angy Avendano, Sofie Holm, Sandra Tenud, Hildegunn Raftevold og Ingrid Johansen frå Firda vidaregåande skule. Foto: Statens vegvesen
2. premien gjekk til Julie Helle Felde, Ariane Arnestad, Astri Marie Rønnekleiv, Susann Brobakke, Ingunn Tennebø og Malin Lavik Akse frå Firda vidaregåande skule. Foto: Statens vegvesen