Fylkesordførar Jenny Følling og leiar for hovudutval for samferdsle Noralv Distad representerte Sogn og Fjordane fylkeskommune på høyringa. Dei la der fram meininga si om forslaget til Nasjonal transportplan, som regjeringa presenterte før påske.

Notatet frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til høyringa i transport- og kommunikasjonskomiteen 25. april kan du lese her.

Viktige prosjekt langs E39

Følling er uroa over framdrifta for fleire av prosjekta langs E39 i Sogn og Fjordane. Ho trekte særleg fram at Myrmel–Lunde må startast opp i 2018, og at det må setjast av midlar til planlegging og prosjektering av E39 gjennom Førde.

Fylkesordføraren gjorde det også klart at det er eit samla Vestlandsråd som står bak kravet om ein opprusta og ferjefri E39.

Vikafjellet vesentleg for ny region

Tunnel gjennom Vikafjellet er inne i gjeldande transportplan, men heilt ute i framlegget til ny. Følling slo fast at denne må inn att, særleg fordi bygging av tunnelen og realisering av E16 Voss–Arna vil ha stor verdi for den nye vestlandsregionen.

Av andre prosjekt fylkesordføraren trekte fram var rv. 15 over Strynefjellet, der det er behov for skredsikring og oppgradering av tunnelar, og generell skred- og tunnelsikring av vegnettet i fylket.

På veg

Fylkesordføraren fekk etter framlegginga spørsmål frå komiteen om korleis prioriteringane kunne vore gjort annleis. Følling trekte då fram at om lag 45 prosent av dei nesten 1000 millioardane  i NTP skal gå til jernbanesatsing, og at for eit fylke som ikkje har jernbane, og der all godstrafikk må gå på veg, så er det ønskjeleg med meir satsing på utbetring av vegnettet.