Då helseministeren kom på besøk sat ein av pasientane Inger Stensaker og kikka på God Morgen Norge i fellesstova. Ho fekk helse på Bent Høie som var på omvisning på Hogatunet bu- og behandlingssenter. Etter å ha budd på Hogatunet i nesten ein månad er ho nøgd og trivst godt.

Bent Høie lurte på om ho hadde fått frukost og om ho synest det er fint på Hogatunet, om om dei tekniske tingene fungerer bra.

– Det er fint her, lyst og fint. Det er mykje betre å vere her enn på den gamle sjukeheimen. Ein venner seg fort til alt det nye, seier Inger Stensaker.

Etter omvisninga fekk både helseministeren og følget brødblings med seg frå Minibakeriet og lokalt kildevatn frå Kaldekloven vassverk.

Spent på å høyre erfaringane

– Eg er utrolig imponert over å se kva de har fått til. Og at de har klart å integrere teknologien så godt i bygget. Så er eg veldig spent på å sjå om eit år eller to, dei erfaringane de har gjort med å ta dette i bruk. Det eg er veldig oppteken av er at omsorgsteknologi kjem til å bli det vanlege framover, og ikkje lenger vere noko spesielt. Utfordringen vår er ikkje lenger teknologien, men det å få til endringane i arbeidsmetode som dette krev. Det høyrest ut som om de har førebudd dykk godt på dette. Dette bygget bærer preg av å vere det siste nye innan både arealmessige utfordringar, kvaliteten på bygget møbler og utstyr.

Fjordabladet kjem tilbake med meir i avisa på fredag.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) var i dag på besøk på Hogatunet bu- og behandlingssenter, der fekk han omvisning, og innføring i den nye velferdsteknologien. Ministeren var tydeleg imponert. Her får han helse på ein av bebuarane Inger Stensaker. Foto: Anita Ingebrigtsen
Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) var i dag på besøk på Hogatunet bu- og behandlingssenter, der fekk han omvisning, og innføring i den nye velferdsteknologien. Ministeren var tydeleg imponert. Foto: Anita Ingebrigtsen
Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) var i dag på besøk på Hogatunet bu- og behandlingssenter, der fekk han omvisning, og innføring i den nye velferdsteknologien. Ministeren var tydeleg imponert. Foto: Anita Ingebrigtsen
Prosjektleiar Torfinn Myklebust fortel korleis den nye teknologien virkar, med tilgang til eige rom, ved hjelp av eit armband, slik at ein slepp nøklar og slepp at framande kjem inn på rommet. Foto: Anita Ingebrigtsen