FSF er ein frivillig organisasjon for frivilligsentralar i Sogn og Fjordane, og har som mål å vere eit samlande organ for frivilligsentralane i fylket.

FSF skal arbeide for å styrke frivillige, frivillig arbeid og fremje samarbeid, kvalitet og innhald i frivilligsentralane. FSF skal også arbeide for å styrke frivillig arbeid på område der det er særskilde behov.

FSF skal arbeide for gode utviklingsvilkår for sentralane, ta initiativ til og fronte felles saker. FSF skal samordne felles prosjektsøknadar, organisere kurs og konferansar for styre/eigarar, tilsette og frivillige. FSF representerer medlemssentralane, og har ansvar, på fylkesnivå, for samarbeidsavtalar med KS Sogn og Fjordane, det offentlege, frivillige lag/organisasjonar og næringsliv.

FSF skal vere høyringsinstans for saker som vedkjem frivillig arbeid på alle nivå.

Nettverksgrupper

FSF har eit styre beståande av tre styre-/eigarrepresentantar, tre representantar frå dei daglege leiarane og ein uavhengig representant. Medlemssentralane vert delte inn i tre nettverksgrupper. Nettverksgruppene er eit samarbeids- og utviklingsforum for tilsette i frivilligsentralane i fylket, som skal fungere som arbeidsgrupper for styret for FSF, og som eit kollegialt organ for tilsette. Primært vert ein representant frå kvar av nettverksgruppene vald inn i styret.

Skipingsmøtet valde følgande styre:

Styreleiar: Erlend H. Herstad (nestleiar i Naustdal frivilligsentral)

Nestleiar: Marit B. Lefdal (styreleiar i Eid Frivilligsentral)

Styremedlem: Aase Bruntveit Njøs (tenesteleiar, samfunnsutvikling og kultur, Leikanger kommune)

Styremedlem: Ingrid Hellwege Haveland (uavhengig representant, representerer frivillige)

Styremedlem: Astrid Halstensen (dagleg leiar i Nærmiljøsentralen i Askvoll)

Styremedlem: Elfrid Rauset Håheim (dagleg leiar i Gloppen Frivilligsentral)

Styremedlem: Rakel Apneseth (dagleg leiar i Jølster Frivilligsentral)

Vara: Nina Benedicte Lødøen Øen (styremedlem i Hornindal Frivilligsentral)

Vara: Margrete Reisæter (dagleg leiar i Fjaler Frivilligsentral)