– Vi har blant anna Sjøkanten kafé som har opplevd ei stor auke av kundar og har per veke 15, ei auke på 79 prosent i forhold til 2016. Dei har tidvis utfordring med å ha plass til alle som vil sette seg ned i kafeen, dei har utvida mattilbodet og opningstidene og satsar på å vere ein sentral møteplass. Det er samstundes eit teikn på at folk reiser lengre for å besøke Eid, som er svært koseleg å sjå, fortel Else S. Andersen, utviklingsleiar i Olav Thon Gruppen.

Folk handlar meir på Eid

Utbygginga av kjøpesenteret på Nordfjordeid, Amfi Nordfjord, har auka omsettinga med 254 prosent per veke 15 i forhold til veke 15 i 2016.

– Amfi Nordfjord har hatt ei omsetting på 92,6 millionar kroner per veke 15. Legg vi denne omsetninga til grunn ligg Amfi Nordfjord an til å få ei årsomsetting på 320 millionar kroner. I tillegg veit vi at 4. kvartal brukar å ha høgare ukesomsetting. Det er også ca. 500 kvm som vi ikkje har skrive langsiktige kontraktar på, som det vil komme avtalar på i løpet av året. Samanlagt vil dette bidra positivt til auka omsetting, seier utviklingssjef i Olav Thon Gruppen Else Andersen.

Det er ikkje berre dei nye butikkane i senteret som opplever vekst, det gjer også dei opphavlege butikkane. Butikkane som har gjort aktivt grep for forandring i butikken, ved å flytte ein vegg, eller bygge heilt om har fått god respons frå kundane og auka mest i omsetting.

– Det å halde seg aktuell for kundane er kjempeviktig. Hittil så går kjøpesenteret godt over alle bransjane, og det er ein god generell driv blant alle leigetakarane, seier Andersen.

Anita Førde ryddar og gjer klart til dei fleste kundane kjem innom rundt lunsjtider. Foto: Anita Ingebrigtsen
Dagleg leiar Anita Førde. Foto: Anita Ingebrigtsen
Dagleg er kafeen i bruk av denne pensjonistgjengen, som møtast Foto: Anita Ingebrigtsen