Hurtig spel langs bakken er resepten for suksess for Eid sitt unge A-lag.

Dette er trenar Dan Jøran Hafsås fast bestemt på.

– Dei fleste i troppen er unge gutar som har spelt lenge i lag, og som er gode venner på og utanfor bana. Når ein har ansvaret for ein så ung gjeng, er det utvikling som står i høgsetet. Det betyr høg intensitet offensivt og defensivt, og stor vekt på pasningsspel, seier Hafsås.

Tett gruppe

Stårheimaren starta for fullt som trenar for Eid sitt A-lag og spelarutviklar i klubben i februar. Han er bevisst på at laget skal spele på sine styrker.

– Vi har berre to spelarar som er over 20 år. Vår styrke som lag er at vi har ei tett gruppe av gode kameratar som ønskjer å stå på for kvarandre og å bli betre. I tillegg er det ein seriøs og treningsvillig gjeng, seier trenaren.

Han er klar på at dei vil møte mange lag med meir erfarne og  fysisk sterke spelarar.

– Nettopp derfor må vi legge opp vårt spel for i størst muleg grad å unngå situasjonar der fysikk er avgjerande, seier Hafsås.

Høgare nivå

I fjor gjekk Eid til topps i 4. divisjon, men på grunn av omlegging av seriesystemet vart det ikkje opprykk. Halvparten av laga heldt seg i divisjonen, medan fleire lag rykte ned til det som no blir kalla kretsligaen.

– Nivået på divisjonen er mykje høgare i år enn i fjor. Vi vil ikkje sjå mange kampar med utklassingssiffer. Det positive er at det blir fleire lokaloppgjer på høgare nivå, ikkje minst mot Stryn, som vi møter på bortebane 16. mai, seier Hafsås.

Rutinert kaptein

Rutinerte Henning Haugen er kaptein for Eid. Med seg i kapteinsteamet har han Kristian Lefdal, Simen Lefdal, Sebastian Grøttå og Håvard Holmøyvik.

– Vår viktigaste spelar er Henning Haugen, med si store erfaring, seier Hafsås, som sjølvsagt er klar over at spelarane frå 1998-kullet er russ i år.

– Dette kullet har dominert Eid sitt A-lag i fleire år allereie. Når det blir klart kva dei skal gjere til hausten, skal eg ha ein prat med kvar enkelt. Vi håpar sjølvsagt at dei fleste vil spele for Eid, i alle fall ut denne sesongen, seier Hafsås, som ikkje har sett noko resultatmål for sesongen.

– Vi skal ikkje hamne i botnstriden, så mykje kan eg seie. Men det viktigaste for oss er at vi tar steg som lag og som enkeltspelarar. Det er det einaste riktige med ein så ung tropp, der prestasjonane naturleg nok vil variere i stor grad.

Resultat frå første runde

Fire av seks kampar i første serierunde i Kretsligaen (4. divisjon) vart spelt i helga:

Tornado Måløy-Stryn 3-5

Bremanger-Høyang 2-0

Vik-Skavøypoll 3-0

Årdal-Dale 2-5

Sogndal 2-Eid (måndag)

Førde 2-Florø 2 (tysdag)