Eid reiste til Sogndal og Fosshaugane Campus til serieopning i den såkalla Kretsligaen (4. divisjon) i kveld. Der fekk dei bakoversveis i møtet med Sogndal sine nest beste.

Til pause var stillinga 3-0 til heimelaget, etter ekte hat-trick av Fredrik Flo. Sogndal 2 valde å byte ut tremålsscoraren til pause, utan at det førte til at sogningane fekk vanskar med å finne nettmaskane.

For etter kvilen scora Sogndal 2 ytterlegare tre mål. Med sluttresultatet 6-0 til Sogndal 2, er det ikkje tvil om at trenar Dan Jøran Hafsås og Eid sitt unge mannskap har mykje å gripe fatt i fram mot sesongdebuten på heimebane mot Årdal komande fredag.

Her vil Eid møte eit revansjesugent Årdal, som svært overraskande tapte 2-5 heime mot Dale i si serieopning i helga.