Det var ei kvinne i 50-åra som køyrde bilen som kom frå aust i retning mot Eid sentrum ved Stokkenes. Ho var åleine på vegen då bilen hamna over på feil side og ned i ein hage. Der køyrde den vel tretti meter mot vest før den stoppa. Eit gjerde fekk hard medfart i ulukka og bilen fekk mindre skader. Kvinna kom i frå ulukka utan skader. Årsaka til ulukka er enno ikkje kjent, men det kan ho vore eit glimt av sol som blenda kvinna akkurat før ho køyrde av vegen. Politiet var på staden straks etter ulukka.