Helse- og omsorgsminister Bent Høie:

– Sjukehuskartet er teikna

– I minst 20 år har mange sjukehus levd med eit nedleggingsspøkelse hengande over seg. Den uroa har regjeringa fjerna gjennom Nasjonal helse- og sjukehusplan. No er framtidas sjukehuskart teikna, med store og mindre sjukehus spreidd over heile landet, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Norges sjukehuskart er no fastlagt, med 51 store og mindre sjukehus spreidd over heile landet.   Foto: Helse- og omsorgsdepartementet

–Vi skal ikkje legge ned dei små akuttsjukehusa, men bevare og vidareutvikle dei, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) i samband med at han måndag la fram framtidas sjukehuskart under føretaksmøta.   Foto: Bjørn H. Stuedal

Nyhende

Norges sjukehuskart er no fastlagt, med 51 store og mindre sjukehus spreidd over heile landet. Foto: Helse- og omsorgsdepartementet.


I fjor behandla Stortinget Nasjonal helse- og sjukehusplan. Det er første gong Stortinget behandlar ein nasjonal plan som er grunnlaget for utviklinga av sjukehusa våre. Det er brei politisk einigheit om at vi framleis skal ha både store og små sjukehus med akuttfunksjonar i Norge.


Som oppfølging av Nasjonal helse- og sjukehusplan skal alle helseføretak utarbeide utviklingsplanar. Dei regionale helseføretaka har no styrebehandla sakene om akuttfunksjonar. Sakene blei lagt fram i helse- og omsorgsministeren sitt føretaksmøte 24. april.


Vidareutviklar små akuttsjukehus

Norges geografi, klima og busetjingsmønster krev ein desentralisert sjukehusstruktur for å sikre nærleik til sjukehustilbod og tryggleik for befolkninga i alle deler av landet.

–Vi skal ikkje legge ned dei små akuttsjukehusa, men bevare og vidareutvikle dei. No er sjukehusstrukturen lagt. Det skaper ein føreseieleg situasjon for sjukehusa, som no kan vidareutvikle seg og vere trygge for at det er behov for dei i framtida, seier Bent Høie.


Sjukehusa må samarbeide tettare

Store sjukehus må til dømes overlate oppgåver til mindre sjukehus for å utnytte felles kapasitet og kompetanse.

Akuttsjukehusa må ha eit tilbod som tek i vare lokale behov og dei vanlegaste akutte tilstandane. Alle akuttsjukehus skal kunne behandle pasientar med til dømes pustebesvær, hjartesjukdomar og akutte infeksjonar.

Alle akuttsjukehus skal ha tilbod om planlagt kirurgi, beredskap for kirurgisk vurdering og stabilisering, og handtering av akutte hendingar. God kompetanse i akuttmottaka vil vere avgjerande for eit trygt og godt akuttilbod.


Endringar i akuttkirurgisk verksemd

På føretaksmøtet 24. april vedtok helse- og omsorgsministeren, i tråd med styrebehandlinga i Helse Nord og Helse Vest, endringar i den akuttkirurgiske verksemda ved Universitetssykehuset Nord-Norge (UN) Narvik og ved Odda sjukehus.

•Sjukehuset i Narvik vil bli vidareført som akuttsjukehus med kirurgisk vurderings- og stabiliseringskompetanse, traumemottak og fødeavdeling. Sjukehuset vil ha eit ortopedisk døgntilbod for planlagde operasjoner, i tillegg til urologisk og gastrokirurgisk dag- og poliklinisk tilbod.

•Odda sjukehus blir vidareført som akuttsjukehus med akuttfunksjon i indremedisin, radiologiske tenester, laboratorietenester, planlagt kirurgi, anestesilege i døgnvakt og skadepoliklinikk.

•Flekkefjord sjukehus skal behalde den akuttkirurgiske beredskapen dei har i dag.