Denne oppfordringa kjem Bremanger Lensmannskontor med på si facebook-side.

– No nærmar det seg sommaren, og mange skal ut og reise utanfor landets grenser. Og sjølv om Noreg er medlem av Schengen, er situasjonen slik i Europa at du kan ha trong for å ha med deg pass. Ja, vi vil seie det slik at det bør du absolutt ha med uansett, skriv Bremanger Lensmannskontor.

– Vi får stadig telefonar frå folk som plutselig har oppdaga at passet er gått ut på dato, eller som ikkje finn att passet sitt. Eit pass tar det opptil eit par veker å få ferdig og tilsendt, og eit naudpass får ikkje nødvendigvis på dagen lenger. Dette avhenger av både tid og stad du skal reise i frå. Vi vil oppfordre alle som skal ut og reise i løpet av sommaren om å kontrollere at dei har passa sine i orden så snart som råd er, skriv Bremanger Lensmannskontor på si facebook-side.