Dette skriv Aleksander Heen, Styreleiar i F1 Holding AS, i ei pressemelding etter at det i dag vart kjent at ein av eigarane i Fjord1 AS ynskjer å børsnotere selskapet.

–Dette er noko F1 Holding AS har vore kjend med ei tid, og me har orientert fylkesordførar Jenny Følling fortløpande om utviklinga i saka, og ho har igjen informert fylkesutvalet. F1 Holding AS har inga sjølvstendig formeining om ei børsnotering vil vere bra eller dårlig for Fjord 1. Den vurderinga ligg til styret i Fjord 1. Vår oppgåve er å ivareta Sogn og Fjordane fylkeskommune sine interesser, og sørgje for at fylkeskommunen får det oppgjeret som er avtalt med Havilafjord AS og som eit samrøystes fylkesting har godkjend, skriv styreleiaren i F! Holding AS i pressemeldinga.

Regionalt eigarskap

–Spørsmålet om regionalt eigarskap har vore eit tema, og det var og ein viktig føresetnad for at fylkestinget vedtok sal. F1 Holding AS meiner dette vilkåret ikkje er tilstrekkeleg oppfølgt då Havilafjord AS ikkje har involvert F1 Holding AS i dette arbeidet. Dette er noko me vil jobbe vidare med.

Følgjer utviklinga

–F1 Holding AS følgjer utviklinga i saka tett, og vi vil nytte dei verkemiddel som ligg i avtaleverket for å sikre at Sogn og Fjordane fylkeskommune får det oppgjeret som er avtalt mellom partane og at avtaleverket elles vert følgd, heiter det avslutningsvis i pressemeldinga frå styreleiar Aleksander Heen.

F1 Holding AS er Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt holdingsselskap for eigarskapen i Fjord 1 AS. F1 Holding AS er part i avtaleverket med Havilafjord AS og arbeider med å oppfylle dette på vegner av Sogn og Fjordane Fylkeskommune.