–Vi opnar Fjærlandstunnelen for styrt trafikkavvikling måndag morgon. Det blir kontinuerleg kolonnekøyring, med inntil 30 minutts ventetid, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Første kolonne køyrer frå Lundebotn på Skei-sida kl. 08.00 måndag. Frå Fjærland-sida blir då første mulegheit til å sleppe gjennom tunnelen rundt kl. 08.15.

Det vil vere inntil 30 minutts ventetid mellom avgangane frå kvar av sidene, og ledebilsjåførane vil tilpasse det slik at rutebussane vert minst mogleg forseinka.

Styrt trafikkavvikling vil vere gjeldande inntil ny beskjed blir gitt, då det fortsatt er arbeid i tunnelen som må gjerast ferdig.

Pågår for fullt

Reparasjonsarbeidet pågår i dag for fullt inne i tunnelen, og vil vare gjennom helga. I dag er det påføring av sprøytebetong for å sikre tunneltaket på brannstaden, det blir sett inn fjellsikringsboltar, og snart startar arbeidet med å reparere det elektriske systemet i tunnelen. Tunnelen skal òg vaskast grundig før opning måndag morgon.

– Mange har stått på for å reparere tunnelen så fort som muleg, og me er glade for at tunnelen kan takast i bruk allereie måndag, seier Finden.