I fjor behandla Stortinget Nasjonal helse- og sykehusplan. Det er første gong Stortinget behandlar ein nasjonal plan som skal vere grunnlaget for utviklinga av sjukehusa våre. Det var brei politisk semje om at vi framleis skal ha både store og små sjukehus med akuttfunksjonar i Norge. Som oppfølging av helse- og sjukehusplanen skal alle helseføretak utarbeide utviklingsplanar. Dei regionale helseføretaka har styrebehandla sakene som gjeld akuttfunksjonar, og sakene vert lagt fram i helse- og omsorgsministeren sitt føretaksmøte komande måndag, den 24. april.